Seksjonsleiar akuttmottak SNR
Akuttmottak SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Opdølvegen 4, 6450 Hjelset
Om jobben
- Stillingstittel
- Seksjonsleiar akuttmottak SNR
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest onsdag 26. november
I slutten av april 2025 flytta vi inn i nye lokaler på Hjelset. Akuttmottaket er lokalisert i umiddelbar nærheit til akutt 24 (korttidspost), bildediagnostikk og ortopedisk poliklinikk. SNR Hjelset er eit akuttsjukehus med traumefunksjon for Nordmøre og Romsdal. Vi har pasientar innafor alle fagområda som kan behandlast i eit lokalsjukehus, inkludert nevrologiske sjukdommar, føde og barn. I tillegg til drift av akuttmottak, har også akuttmottaket ansvar for skadepoliklinikk og overgrepsmottak.
I akuttmottaket vil du ha leiaransvar for sjukepleiarane. Akutt- og mottaksmedisinarar og andre legegrupper som er knytt til akuttmottaket, vert leia av dei respektive seksjonsleiarane for legar.
Akuttmottaket har ein viktig funksjon i beredskapsarbeidet ved SNR, og vi er stolt av å ha Norges mest moderne mottakseining for CBRNE krevande pasientar.
Akuttmottaket er ein spennande arbeidsplass med stort fagleg engasjement. Vi har tilsette med funksjonsansvar for traume, met, overgrep, fagutvikling og MTU.
Vi søkjer ein leiar som brenn for fagleg utvikling, er løysingsorientert og som bidreg til eit positivt og godt arbeidsmiljø..
Arbeidsoppgåver
Sjukehuset i Nordmøre og Romsdal (SNR) består av fleire tverrgåande klinikkar underlagt Helse møre og Romsdal HF. Den somatiske aktiviteten på Hjelset er samla under klinikk SNR, med lokalt plassert klinikksjef. Som seksjonsleiar vil du vere direkte underlagt Avdelingssjef Medisin SNR.
- Seksjonsleiar har ansvar for dagleg drift og utvikling av seksjonen i nært samarbeid med avdelingssjef.
- Seksjonsleiar har ansvar for at seksjonen vert drive i samsvar med gjeldande lover/forskrifter, interne retningslinjer og innafor gjeldande økonomiske rammer.
- Seksjonsleiar skal sørge for at arbeidet skjer i samsvar med dei faglege standarane og kvalitetskrav som til ei kvar tid gjeld.
- Seksjonsleiar har eit samla personal-, budsjett og fagleg ansvar for seksjonen, og skal sikre bemanning og drift etter gitte rammer.
- Seksjonsleiar skal leggje til rette for god kvalitet og fagleg utvikling også med fokus på standardisering.
- Seksjonsleiar må ha fokus på utvikling og motivering av medarbeidarar.
- Seksjonsleiar må vise initiativ og innsats for utvikling av heile avdelinga, klinikken og føretaket.
Kvalifikasjonar
- Primært ønsker vi ein spesialsjukepleiar, men sjukepleiar med leiarutdanning/erfaring kan også søkje
- Relevant leiarutdanning og/eller leiarerfaring er ønskeleg
- Erfaring frå samarbeid på tvers av faggrupper og organisatoriske einingar
- Klinisk erfaring er ønskeleg
- Gode datakunnskapar
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Personlige eigenskaper vil bli vektlagt
Personlege eigenskapar
- Vi ønskjer ein leiar som er synleg og tydeleg for sine tilsette og avdelinga
- Er opptatt av og veit kva som skal til for å skape eit godt arbeidsmiljø
- Er engasjert og har stor arbeidskapasitet
- Målbevisst
- Resultatorientert
- Gode kommunikasjonsevner
Vi tilbyr
Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskade forsikring, gruppelivsforsikring og tjenestereiseforsikring.
Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
Triveleg arbeidsmiljø
Høgt fagleg nivå
Fagleg og personleg utvikling
Kontaktinformasjon
Petter Rangnes, Avdelingssjef Medisin SNR, 932 13181, Petter.Rangnes@helse-mr.noArbeidsstad
Opdølvegen 46450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5040993374
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.11.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
9a4165f2-27f4-4662-87d9-3f619776c650
- Sist endret
14. november 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
8fb63830a8e24060bbccd832163495c3
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Sengepost Kirurgi SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Hjelset
Sjukepleiar/Spesialsjukepleiar
Arbeidsgiver
Sengepost Medisin 3 SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Hjelset
Psykiater
Arbeidsgiver
Akutt psykisk helsevern SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Hjelset