Barnehagelærar/Pedagogisk leiar ved barnehagane, faste og vikariat frå 15.08.20, ID 657
Stillingsannonsen er inaktiv.Tokke Kommune Sentraladministrasjon
Storvegen 60, 3880 Dalen
BARNEHAGELÆRAR/PEDAGOGISK LEIAR ID 657
Tokke kommune har moglegvis ledig stillingar, faste og vikariat, som barnehagelærar/pedagogisk leiar frå 15.08.20. Omfang av stillingar kjenner ein fyrst etter hovudopptaket.
Andre med relevant utdanning/høgskuleutdanning kan òg søkje.
Tokke kommune har sett fokus på fagleg utvikling, med ulike faglege og pedagogiske innfallsvinklar. Kollektiv kompetanseutvikling står sentralt. Barnehagane i Tokke er opptekne av å vera ein inkluderande barnehage for alle, og ha eit godt miljø med mange aktivitetar for borna. Tokke deltek i statleg satsinga IBSM.
Tokke har to barnehagar -- med fire driftsstadar.
Dalen barnehage
Dalen barnehage, har 6 avdelingar der ei avdeling ligg på Åmdals-Verk.
Desse to barnehagane har felles styrar/administrasjon.
Dalen barnehage stod ferdig november 2013, og me kan by på store areal inne og ute. I Dalen barnehage skal alle få oppleve å høyre til- , vennskap og leikegrupper er i fokus. Me brukar nærmiljøet på Dalen / Åmdals Verk til å gå på turar og utøve fysisk aktivitet. Me brukar bibliotek, symjehall og idrettshall. Hjå oss skal ein god kvardag spegle seg i tid og rom til leik, omsorg og tryggleik
Ynskjer ein meir informasjon kan ein ta kontakt med styrar, Mona Båtnes, e-post: mona.baatnes@tokke.kommune.no eller mob.: 95 90 11 12
Høydalsmo barnehage
Høydalsmo barnehage, har 6 avdelingar der ei avdeling ligg i Lårdal. Høydalsmo barnehage har som hovudsatsningsområde språkstimulering og sosial kompetanse. Dette barnehageåret har me eit prosjekt; <<bygda mi før og no>>, der me trekker inn alle fagområda i rammeplanen, spesielt <<nærmiljø og samfunn>>. Men sjølv med eit slikt prosjekt har me alltid fokus på leik, omsorg, tryggleik, samhald, barns medverknad og danning.
Ynskjer ein meir informasjon kan ein ta kontakt med styrar, Andrea Lid Strømme, e-post: andrea.lid.stromme@tokke.kommune.no eller mob.: 95 92 85 46
Vi tilbyr :
• Utfordrande arbeidsoppgåver i ein service- og utviklingsorientert etat
• Ein spanande og variert skulekvardag saman med flotte elevar og vaksne
• Utfordrande arbeidsoppgåver i ein service- og utviklingsorientert etat
• Eit godt arbeidsmiljø
• Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar.
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Dei som vert tilsett, må leggje fram politiattest, før ein kan ta til i jobben.
I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast. Søknad vert å sende på elektronisk skjema, sjå www.tokke.kommune.no
Søknadsfrist: 5. mars 2020
Velkomen som søkjar!
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Tokke Kommune Sentraladministrasjon
Adresse
Storvegen 60, 3880 Dalen
Hjemmeside
Tokke kommune ligg i Vest-Telemark, midt mellom aust- og vestlandet. Kommunen har 2220 innbyggjarar og eit areal på 980 km2. Kommunehuset er lokalisert på Dalen, i nærleiken av det historiske Dalen Hotel og Telemarkskanalen. Tokke kommune er ein kraftkommune og Statkraft Region Sør-Noreg har eit av sine to regionkontor i kommunen. I Tokke ligg òg Vest-Telemark vidaregåande skule som er kåra til ein av dei beste vidaregåande skulane i landet.
Om stillingen
Stillingstittel
Barnehagelærer
Antall stillinger
5
Oppstart
15. august 2020
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Arbeidsdager
Ukedager
Arbeidstid
Dagtid
Sist endret: 6. mars 2020
Hentet fra: Stillingsregistrering
Referanse: 9a1da916-b941-4277-a368-66ea1b77664f
Stillingsnummer: 9a1da916-b941-4277-a368-66ea1b77664f