Lager- og butikkmedarbeidar
Ein av våre tilstte skal slutte, me er no på jakt etter ny medarbeidar i 100% stilling som kan vere med på å utvikle verksemda vidare.
Arbeidsoppgåvene er allsidige og her er noko av det du skal jobbe med:
Oppfølging av kundar i butikk og på lager, via telefon, sms og e-post
Varemottak - prising og utplassering av varer
Lagerarbeid - mottak og tillaging av leveransar, utkøyring ved behov
Kontorarbeid - utarbeide tilbod, handterer ulike dataprogram, varebestilling, kontakt med leverandørar og kundar
Rydding og reinhald
Ønskja krav til søkjar:
Relevant eraring - gjerne frå byggebransjen
Erfaring frå butikk og lagerarbeid er ein fordel
Må kunne handterer PC og lære seg bruk av kasse
Vere god i norsk både munnleg og skriftleg
God ordensans, serviceinnstilt og evne til å jobbe sjølvstendig
Opringstida vår er måndag - fredag 09.00 - 16.30 og laurdag 09.00. - 14.00
Du må kunne jobbe annankvar laurdag
Vi er på jakt etter ein person som vil vere med å utvikle verksemda vidare. Vi har ordna lønsforhold og pensjonsordning.
Kanskje du er den vi søkjer - velkommen som søkjar.
Har du spørsmål, ta kontakt med Heidi Sanden, tlf. 99 56 98 55 eller tlf. 90 40 09 60
Søknad kan sendast til hardbakke@byggi.no eller til Øybygg AS, Storehaugen 4F, 6924 Hardbakke
Om bedriften
Øybygg AS har sida 1992 drive handel innanfor trelast, byggevarer, maling, jernvarer, kraftfor, interiør, fiskeutstyr, kjøkkenartiklar, leiakar og ulike typar fritidsartiklar. Firmaet har ein stabil og god kundemasse.