Avdelingsleiar
Kan du tenkje deg å bli ein del av skulen sitt leiarteam og jobbe med skuleutvikling,
personalleiing, elevrådgiving og administrative oppgåver?
Vi har ledig 100 % stilling som avdelingsleiar i perioden 01.08.2022 - 31.07.2023.
Ulstein ungdomsskule (UUS) har 320 elevar fordelt på tre trinn og 53 tilsette. UUS har som del av
Ulsteinskulen lange tradisjonar for utviklingsarbeid og å ligge i forkant på framtidas behov. UUS har særleg fokus på 21.århundret sine dugleikar gjennom teknologiskulen, sosial kompetanse gjennom MOT og karakterredusert undervegsvurdering.
Leiargruppa (rektor og tre avdelingsleiarar), har ansvar for skulen si utvikling og drift. Rektor fordeler
pedagogiske og administrative arbeidsoppgåver ut frå avdelingsleiarane sin kompetanse, erfaring og
interessefelt. Leiingsressursen og undervisningsdelen i stillinga er dynamisk ut frå skulen sine behov og
kompetanse i leiarteamet.
Arbeidsoppgåver
- Heilskapleg leiaransvar
- Ta initiativ, samarbeide og følgje opp i skulen si leiargruppe
- Samarbeide med elevar, tilsette, føresette og andre for å skape eit trygt, godt og inkluderande
læringsmiljø prega av lærelyst og engasjement hos elevane - Pedagogisk og personalmessig ansvar for dagleg drift av eit av trinna ved skulen
- Analysere, kommunisere og følgje opp mål og forventningar i læreplanen og satsingane i Ulsteinskulen
- Rådgjeving
- Dynamiske oppgåver delegert av rektor
- Undervisning som del av stillinga
Kvalifikasjonar
- Lærarutdanning og helst leiarutdanning
- Pedagogisk erfaring
- Teoretisk innsikt i forsking og læreplanen og praktisk evne til å setje desse ut i livet som framtidsretta
- fagleg og sosial læring
- Evne til å fremje oppdraget i læreplanen og kommunale satsingar
- Erfaring med systematisk skuleutviklingsarbeid
Personlege eigenskapar
- Du jobbar smart og ler lett
- Du har skuleleiaren i deg og utøver tydeleg leiing gjennom å balansere styring og medverknad
- Du etablerer tillitsfulle relasjonar og byggjer fellesskap, herunder profesjonsfellesskap og
organisasjonskultur - Som audmjuk lagspelar engasjerer, motiverer og inspirerer du elevar og kollegaer, samtidig som du har handlekraft og gjennomføringsevne ved å vere trygg, tydeleg, sjølvstendig og modig
- Du identifiserer deg med Ulstein kommune sine verdiar nyskaping, omsorg, rausheit, mangfald
- Du tek initiativ, er løysingsorientert, uthaldande og proaktiv og handterer fleire arbeidsoppgåver
samtidig i ein hektisk kvardag
Personlege eigenskapar blir tillagt stor vekt.
Vi tilbyr
- Ei spennande og utviklande stilling
- God støtte og opplæring i rolla
- Eit godt, humørfylt og profesjonelt arbeidsmiljø
- Moderne lokale
- Løn etter avtale
Kontaktinformasjon
Tor Arne Aasen, Rektor, 95188566Arbeidsstad
Bakkegata 316065 ULSTEINVIK
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Oppvekst og kulturetatenReferansenr.:4521245033
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.08.2022
Søknadsfrist: 07.06.2022
Om bedriften
Mellom storhavet og Sunnmørsalpane ligg Ulstein kommune med kommunesenteret Ulsteinvik. Hos oss står nyskaping og bulyst i høgsetet. Folketalet stig og nye utbyggingsprosjekt har blitt prisløna dei siste åra. Vi driv godt, har stram men ordna økonomi, gode tenester og høg fagleg kompetanse. Vi huser store maritime verksemder med global marknad og hjarte for lokalsamfunnet. Saman med engasjerte innbyggarar, ein blømande frivillig sektor og eit allsidig næringsliv skaper vi framtida.