2 fastlønna stillingar som spesialist i allmennmedisin / lege i spesialisering
Me har ledig
Legekontoret i Aurland har nå ledig 2 legestillingar med fastlønn. Vi ser at stilllingane kan fungere godt for eit par.
Stillingane er knytt til Aurland legekontor som har 3 legestillingar samt LIS 1 stilling. Kontoret er velutstyrt og har eit hjelpepersonell på 3 med sjukepleiar og legesekretær i staben. Legekontoret er samlokalisert med rus- og psykiatritenesta, helsestasjon med jordmor, fysioterapi, ergoterapi, treningskontakt og koordinator og er organisert som del av tenesteeininga Helse og Førebygging.
Som kommunal fastlege i Aurland vert du ein del av interkommunal legevakt stasjonert ved Lærdal Sjukehus. Vaktordninga er 12 delt, eller skjeldnare. Legevakta er tilstedevakt i legevakta sine lokale på sjukehuset, i eit bredt fagmiljø, med fri etter vakt. Legevakta er fastlønna. Lege på vakt har også tilsyn med dei 4 interkommunale KAD sengane.
Kommunen nyttar INFODOC som journalsystem.
I stillinga som kommunelege inngår
- Fastlegeoppgåver - listelengde inntil 800.
- Legevakt på dagtid, vert fordelt mellom legane på kontoret
- Deltakarplikt i interkommunal legevakt med 12 delt turnus
Grunna rekkruttering av to leger samtidig, vil det være natuleg å sjå på fordelinga av dei kommunale oppgåvene som helsestasjon, sjukeheim osb mellom legane, og listelengde på fastlegelilsten.
Me tilbyr
- Fastlønn - også på legevakt
- Høgt fagleg nivå i tenestene og eit kreativt og utviklande fagmiljø
- Gode kollegaer
- Samlokalisering og godt sammarbeid med andre kommunale helsetenester
- Konkurransedyktige betingelsar
- IA bedrift med godt tilrettelagte ordningar
- Gunstige pensjonsordning
- hjelp til å skaffe bustad
- hjelp til å skaffe barnehageplass
- hjelp til å skaffe arbeid til partner
Kvalifikasjonar
- Godkjent norsk autorisajon som lege,
- Spesialist i almennmedisin.
- For lege som ikkje har spesialisering men ynskjer å starte i spesialiseringsløp i almennmedisin, vil kommunen legge til rette for dette.
- Søkjar må ha fullført norsk turnusteneste / LIS 1 eller dokumentere godkjend tilsvarande teneste av Statens Autorisasjonskontor, som gir høve til å praktisere som fastlege.
- Ha refusjonsrett frå Helfo
- Rellevant erfaring frå kommunehelsetenesta er eit føremon
- Krav om gode norskunnskapar, skriftleg og munnleg. Språknivå vil verte tillagd vekt i tilsetjingsprosessen
- Godkjend politiattest jfr helsepersonellova før tiltreding i stillinga
- Kjennskap til norsk helsevesen og helselovgivning
- Førarkort for bil og disponere eigen bil
Personlege eigenskapar vert vektlagde.
Personar som i løpet av dei tre siste åra har hatt opphold i minst 3 månader i land med høg forekomst av turbekulose, må ved tilsetning kunne leggje fram godkjend turbekulinprøve som ikkje er eldre enn tre månader.
Personlege eigenskapar
- evne til å arbeide sjølvstendig
- gode evner til sammarbeid med kollegaer, hjelpepersonell, pasienter og pårørande.
- gode evner til kommunikasjon
- evne til omstilling
Løns- og tilsetjingsvilkår
Tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
Tiltreding etter avtale.
Generell informasjon om søknadsprosessen
Aurland kommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Det betyr at vi kun tek imot søknader gjennom vår elektroniske søkjeportal. Dersom du treng hjelp til å søkje eller har problem med pålogging kan du kontakte oss på tel 5763 2900. Dersom du er tilsett i kommunen eller tidlegare har søkt på ledig stilling hjå oss vil du allereie vere registrert som brukar i systemet. For å få tilsendt passord må du klikke "glemt passord".
Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette i elektronisk søknadsskjema og grunngje valet i søknadsteksten. Vi tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom vi meiner at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.
Om bedriften
Aurland ligg vakkert til ved Sognefjorden, sentralt ved E16 mellom Oslo og Bergen. Me vil vera Norges fremste kommune på heilårsturisme, og har eit mangfaldig næringsliv i sterk vekst. Me er snart 1800 innbyggjarar fordelt på bygdene Aurlandsvangen, Undredal, Flåm, Gudvangen og Vassbygdi. Aurland kommune satsar spesielt på trygge og gode oppvekstkår, kultur, nærings- og bustadutvikling og god tenesteyting.