Sjukepleiar 50% fast stilling - Bømlo bu og helsesenter
Bømlo bu og helsesenter har ledig 50% fast stilling som sjukepleiar frå 1. mai 2019 eller etter nærare avtale. Stillinga inneber turnus med arbeid minimum kvar 3. helg. Bømlo bu og helsesenter på Svortland har 3 avdelingar, 2 langtids og 1 for korttid -- og rehabilitering. Den ledige stillinga er på den eine langtidsavdelinga. Ved BBH er det mange gode kollegaer som er med å skap gode dagar for våre pasientar ved dei ulike avdelingane. Ein gjeng med mykje god fagleg kompetanse og evne til å sjå den enkelte pasient.
Ynskjer du å bli ein av oss?
Kvalifikasjonar:
- Offentleg godkjent sjukepleiar
- Andre med relevant høgskuleutdanning kan og søkje stillinga
Personlege eigenskapar:
- Er fleksibel og har evne til å jobbe sjølvstendig og målretta
- Gode samarbeids -- og kommunikasjonsevner
- Kan jobbe sjølvstendig og strukturert
- Er ansvarsbevisst, fleksibel og løysingsorientert
- Har stor arbeidsglede og trivst med høgt arbeidstempo
- Kan bidra til fagleg og tverrfagleg samarbeid
Me tilbyr:
- Triveleg arbeidsplass med gode kollega, god opplæring og oppfylging.
- Arbeidsplass med god og allsidig fagkompetanse
- Trygge arbeidsvilkår
- Gode pensjonsordningar
Anna:
- Me vil at tilsette skal halde seg fagleg oppdatert, gje god behandling, omsorg og pleie for at våre pasientar skal oppleve tryggleik, god behandling og ein god stad å vere
- Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing
- Løn -- og arbeidsvilkår etter gjeldande lov og avtaleverk
Kontaktperson: avd.sjpl. Karine Røksund - 53 42 34 04