Voss sjukeheim
Voss herad Voss sjukeheim korttidsavdelinga
Sjukehusvegen 15, 5704 Voss, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Tilkallingsvikar ved korttidsavdelinga
Type ansettelse
Annet, deltid 10%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 7. januar
Tilsetjinga skjer snarast og fortløpande i perioden
Om arbeidsstadenOmråde Vest er lokalisert på Voss sjukeheim. Tillitsmodellen ligg til grunn for vår arbeidsmodell. Sjukeheimen ligg ved Voss sentrum vis a vis Voss sjukehus. Det er gode buss- og tog forbindelsar, med kort veg til sjukeheimen.
Om avdelinga
Me søkjer fleire ringevikarar til arbeid på dag, kveld og helg
- Me søker både erfarne og uerfarne assistentar til å yte omsorg, pleie og stell. Me ynskjer søkarar som er interessert i sommarjobb i 2025.
- Du må vera lærevillig, ha god arbeidskapasitet, vera fleksibel og løysingsorientert.
- Me legg vekt på personlege eigenskapar som godt humør, stå på vilje, samarbeidsevner og gode norskkunnskapar. Helsefagleg bakgrunn er å føretrekke.
Arbeidsoppgåver
- Arbeidsoppgåvene er varierte: stell, pleie, omsorg, aktivitetar, tilrettelegging av måltid, og praktisk arbeid.
- All samhandling skal utførast med respekt og ha fokus på kva som er viktig for pasienten.
- Miljøarbeid og personsentrert omsorg er viktig metodikk.
Me tilbyr
- E-læringskurs og god opplæring i avdelinga
- Ein spanande, meiningsfull og lærerik jobb
- Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
Søknaden må innehalde opplysningar om:
- Litt om kor mykje du ynskjer/kan jobbe
- Utdanning og evt. praksis
Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partnar som gjer det same, finn du mange og spanande stillingar i Voss herad her. Voss herad - Våre ledige stillingar (easycruit.com)
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2801922
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3433763_213087_nn