Psykologspesialist/psykolog
Org. nr: - Stillingsident: 4390772324 Presentasjon av stillingen:
Vil du bli vår nye kollega i eit spennande fagmiljø som arbeider for barn og unge?
Poliklinikken i Molde har ledig ei fast stilling som psykologspesialist/psykolog, fortrinnsvis spesialist i barne- og ungdomspsykologi.
Psykologar som ikkje er ferdig eller ikkje har starta med si spesialisering, er velkomne til å søkje og vil få tilbod om rettleiing. Seksjonen har og gode ordningar for tilrettelegging til vidare spesialisering for psykologar. Stillinga er knytt til team som arbeider med barn og unge i alderen 6-18 år.
BUP Molde har eit breitt samansett og spennande fagmiljø, som gir differensierte behandlingstilbod til barn og unge, og familiane deira. Poliklinikken er organisert i tverrfaglege geografiske team og vi har i tillegg eige småbarnsteam, akutt/ambulant team og spesialiserte behandlingsteam som til dømes FBT, TF-CBT og OCD. Vi legg vekt på god kontakt og tett samarbeid med førstelinetenesta, noko som betyr at rettleiingsoppgåver til våre samarbeidspartar er ei forventa arbeidsoppgåve.
Psykisk helsevern for barn og unge er samansett av Poliklinikkar i Kristiansund, Molde, Volda og Ålesund og ein døgnseksjon med einingar i Molde og Ålesund. Døgnseksjonen består av ein akutt- og utgreiingseining i Ålesund og ei familieeining i Molde.
Etter jobb kan du nye byen, naturen og kulturen!
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturar, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféar og restaurantar. Les meir om Molde og Romsdalen her.
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing og behandling av pasientar i alderen 6-18 år
- Bidra fagleg gjennom rettleiing, undervisning og teamarbeid
- Delta i fagleg utviklingsarbeid og planlegging
- Samarbeid internt og eksternt
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som psykolog, fortrinnsvis spesialist i barne- og ungdomspsykologi
- Ønskje om erfaring frå psykisk helsevern for barn og unge
- Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
- Det er krav om framlegging av politiattest før tilsetting
Personlege eigenskapar
- Evne og vilje til tverrfagleg samarbeid
- Stor arbeidskapasitet og evne til å strukturerer eiga arbeidskvardag
- Evne til å arbeide systematisk og målretta
Vi tilbyr
- Ein spennande og hektisk arbeidskvardag
- Fagleg utfordrande arbeidsoppgåver
- Rettleiing og god tilrettelegging for vidare spesialisering
- Eit stort og inkluderande fagmiljø, med vekt på tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Hilde Sivertsen, Seksjonsleiar, 71217485 /mob. 99245684
Arbeidsstad
Nøisomhedsvegen
6412 Molde
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.:4390772324
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.05.2021
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, men har også sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Våre sjukehus finn du i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, og i tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Vi legg til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Uansett kva stilling du søkjer, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og di kompetanse på ein stad kor det verkeleg tel. Bli med på laget!
For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal