Intensivsjukepleiar - Seksjon for intensiv - Kristiansund sjukehus
Org. nr: - Stillingsident: 4037316896 Presentasjon av stillingen:
Avdeling for akuttmottak og intensiv Molde og Kristiansund - Seksjon for intensiv Kristiansund - Klinikk for akuttbehandling
Vi er ein blanda intensiv seksjon med medisinske og kirurgiske pasientar samt postoperativ overvakning. Vi driv BiPaP, Cpap og respiratorbehandling og anna intensivbehandling m.v. Vi har nytt og moderne overvakningsutstyr, og nyoppussa akuttrom for intensivbehandling. Seksjonen disponerar i alt 15 sengeplassarog har 33,4 stillinger for intensivsjukepleiarar
Vi har ledig fast 75 % stilling for intensivsjukepleiar frå 01.06.2019
Vi har eit godt fagmiljø med intensivsjukepleiarar og overlegar i anestesi, samt LIS-lege i anestesi. Vi har fagdagar inkludert i turnusen.
Turnus D/A/N og arbeid 3. kvar helg.
Kvalifikasjonar
- Spesialsjukepleiar med intensivutdanning.
- Anestesisjukepleiar / sjukepleiar med relevant erfaring er også velkomne til å søke.
Utdanningsnivå
- Høgskule/universitet
Personlege eigenskapar
- Personleg egnaheit og fleksibilitet i stillinga vil bli lagt stor vekt på.
- Helseforetaket er i stadig omstilling, og vi søker medarbeidarar som er villige til endring og som ønsker å være med på vidare utvikling av seksjonen.
Vi tilbyr
- Utfordrande og engasjert fagmiljø
- Løn i henhold til overeinskomst
- Kompetansebygging
- Rikt og engasjert kulturmiljø i ein triveleg kystby
- Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskade forsikring, gruppelivsforsikring og tjenestereiseforsikring.
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
- Vi ønskjer kvalifiserte søkjarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder.
- For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Innhaldet i stillinga kan bli endra.
- Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillande politiattest.
- Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ei slik oppmoding og ta kontakt med deg dersom oppmodinga ikkje vert tatt til fylgje (jf Offentlighetsloven § 25).
- Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar.
- For meir informasjon om helseforetaket , sjå Helse Møre og Romsdal
- Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV
Kontaktinformasjon
Hilde Gustad, Seksjonsleiar, (+47) 71 12 15 08, Hilde.Gustad@helse-mr.no
Kari Jordahl Kjøl, Ass.seksjonsleiar, (+47) 71 12 15 08, Kari.Kjol@helse-mr.no
Arbeidsstad
Kristiansund
6508 Kristiansund N
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Møre og Romsdal HF
Referansenummer:2019/1595
Stillingsprosent: 75%
Søknadsfrist: 09.06.2019
Om bedriften
Helse Møre og Romsdal HF gir spesialisthelsetenester til innbyggjarane i fylket, og skal gjennom pasientverdiprosessen skape <>. Vår visjon er å vere `¿På lag med deg for helsa di`¿. Føretaket er ein kunnskapsorganisasjon med om lag 6500 tilsette, fordelt på sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, samt ni behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. <> er valt til hovudstrategi for helseføretaket. Vi arbeider for å utvikle leiarskap og ein samlande kultur til beste for fagleg tilbod, kvalitet og ressursutnytting. Føretaksadministrasjon ligg i Ålesund.