Arbeidskonsulent
Me søkjer etter Arbeidskonsulent 100% vikariat for perioden 3. august til 31. desember 2020, men med moglegheit for forlenging
Vår profesjon:
AiR-klinikk skal med tverrfagleg kompetanse bidra til at pasientar med samansette plager og nedsett arbeidsevne får auka livskvalitet og arbeidsdeltaking gjennom individuell rettleiing og gruppeundervisning.
· AiR-klinikk har fire team som består av psykolog/samtaleterapeut, lege, fysioterapeut, arbeidskonsulent og idrettspedagog. Kvart team har ansvar for opptil 17 deltakarar.
· Klinikken har og eit kartlegging- og vurderingsteam beståande av lege, arbeidskonsulent, samtaleterapeut og fysioterapeut.
Me ser etter desse kvalifikasjonane:
· Kompetanse innan pedagogikk/sosialfagleg/helsefagleg retning på bachelor nivå
· Ynskeleg med erfaring frå arbeidsretta rehabilitering eller liknande
· God kommunikasjons- og samarbeidsevne som kan bidra til eit utviklande fagmiljø
· Blikk for tverrfaglege funksjonsvurderingar, deltaking i tverrfagleg teamarbeid
· Gjennomføre undervising og bidra i deltakararens gruppeprosessar
· God skriftleg framstillingsevne
· Personlege eigenskapar blir vektlagt
Arbeidsoppgåver:
· Ha kontakt med NAV, arbeidsgjevarar og/eller andre involverte
· Arbeid med epikrise for deltakarar
· Særfagleg oppfylging ved behov
· Individuell rettleiing
· Undervising av deltakarar i grupper
· Gjennomføring av kartleggings -- og vurderingssamtaler
· Vera primærkontakt med ansvar for generell rettleiing
Me tilbyr:
· Høve til fagleg utvikling internt i organisasjonen og gjennom kurs o.l.
· Høve til å bidra til eit utviklande fagmiljø innan fagfeltet arbeidsretta rehabilitering
· Arbeidstid: Kvardagar kl. 08.00-15.30
· Konkurransedyktige løns- og pensjonsvilkår
· Hjelp til å skaffe møblert bustad
Søknadsfrist snarast- me tek søkarar inn til intervju fortløpande og avsluttar prosessen når me har funne den rette.
For meir informasjon, kontakt:
klinikkleiar Matias I.S.W. Nielsen, tlf. 35 06 28 00, e-post: matias.i.s.w.nielsen@air.no eller
ass. klinikkleiar, Siri Mørch på tlf. +47 474 63 408 / siri.morch@air.no
Søk på nettsida vår: https://rehabilitering.no/ledigestillingar/
Om bedriften
Rehabiliteringssenteret AiR er ein landsdekkande ideell institusjon i spesialisthelsetenesta. Hovudfokuset er døgnbasert arbeidsretta rehabilitering. Senteret ligg 800 m.o.h. i Rauland i Telemark, omgjeven av fantastisk natur som nyttast både i rehabiliteringsprosessen og av våre tilsette i fritida. Me har ca. 65 årsverk og 80 tilsette. AiR-klinikk er CARF-akkreditert, noko som bidreg til at rehabiliteringstenestene er målbare, forsvarlege og av god fagleg kvalitet. Me delar lokale og organisasjon med Nasjonalt Kompetansesenter for arbeidsretta rehabilitering med ansvar for å forske på beste praksis innanfor fagfeltet.