Rådgjevar pedagogisk psykologisk teneste (PPT)
Org. nr: - Stillingsident: 4374495245 Presentasjon av stillingen:
Vi treng ein engasjert PP-rådgjevar i vikariat frå 1.8.2021 - 17.01.22
PPT for Setesdal er organisert som ei interkommunal teneste for dei tre kommunane Bygland, Valle og Bykle. Tenesta har hovudkontor i Valle.
Tenesta si målgruppe er barn, unge og vaksne med særskilde behov for opplæring og tilrettelegging.
Arbeidsoppgaver
- Utgreiing og sakkunnig vurdering
- Konsultasjonar og rettleiing
- Systemarbeid og kompetanseutvikling
- Tverrfagleg samarbeid lokalt og med spesialisthelsetenesta
Kvalifikasjoner
- Hovudfag, eller mastergrad i psykologi, pedagogikk eller spesialpedagogikk.
- Erfaring frå PPT
- Erfaring med WISC / testkompetanse og utredning/vurdering av elevar i grunnskulen og barn i barnehage
- Ønskjeleg med erfaring frå skule, vaksenopplæring eller barnehage
- Du må vise til gode munnlege og skriftlige norskferdigheiter. Den som tilsettast må leggje fram godkjent politiattest før tiltreding i stillinga
Personlige egenskaper
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Strukturert og målretta
- Evne til å arbeide sjølvstendig
- Utviklingsorientert
- Personleg eignaheit vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Løn iht. regulativ
- Eit spennande fagleg miljø i utvikling
- Kommunen kan hjelpe å skaffe bustad
- Bedriftsleilegheit i Kristiansand sentrum
- Svært gode pensjons- og forsikringsordningar
- Barnehage og SFO med vekt på friluftsliv og aktivitet, og full kulturskuledekning
- Ei triveleg bygd å bu i
Den som tilsettast må disponere eigen bil, godtgjersle etter gjeldande regulativ.
Alle kvalifiserte vert oppmoda om å søkje!
Ved behov for hjelp til registrering av søknad, kontakt 379 37 500. Aktuelle kandidatar blir invitert til intervju. CV, vitnemål og attestar takast med til eit eventuelt intervju.
Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men da må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før søkjarlista blir ferdigstilt.
Kontaktinformasjon
Øyvind Kjetsaa, Leiar pedagogisk Psykologisk Teneste (PPT), 94529061
Arbeidssted
Kommunehuset, 1. høgda
4747 Valle
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Valle kommune
Referansenr.:4374495245
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 02.08.2021
Søknadsfrist: 04.06.2021
Om bedriften
Valle kommune ligg midt i Setesdal, berre to timars biltur frå kysten. Kommunen har to bygdesentrum, Valle og Rysstad, flott natur med mange moglegheiter for ulike aktivitetar, og eit rikt kultur og fritidstilbod. Kommunen har om lag 1200 innbyggjarar.
Besøk gjerne heimesida vår: http://www.valle.kommune.no/