Aktivitetskontakt / treningskontakt
Org.nr.: Stillingsident: Presentasjon av stillingen : Har du tid og lyst til å gje støtte og oppfølging til menneskjer andre med ulike behov og i alle aldra med å få ei aktiv
og meiningsfylt fritid? Då vil vi gjerne kome i kontakt med deg. Vi treng aktivitetskontaktar til personar som har vedtak om dette.
Tenesta er heimla i Lov om helse- og omsorgstjenester §3.2-6b Målsettinga med aktivitetskontakt er å gje auka sosialt samvær og følgje til ulike fritidsaktivitetar med
mål om å auke meistring og livskvaliteten for den enkelte.
Oppdraget kan vere:
- kartlegge brukarens interesser
- finne egna kultur- og fritidsaktiviteter
- motivere og legge til rette for den enkelte sin deltaking
- legge til rette for kultur- og fritidsaktivitetar som brukarane sjølv ønskjer å delta i
- motivere for nye aktiviteter
- hjelpe brukarane til å utvikle sosiale relasjonar slik at dei får ei meiningsfull fritid og auka livskvalitet
Det å være aktivitetskontakt skal vere hyggelig og givande. Du må ha overskot til å gje av deg sjølv, vere trygg, og ha evne tilå etablere kontakt, men samtidig kunne sette grenser. Du må være pålitelig og stabil, samt være villig til å forplikte degover tid. Du må vere over 18 år.
Me tilbyr
- varierte oppdrag/oppgåver
- rettleiing ved behov
- oppdragsavtale
- løn som aktivitetskontakt tilsvarar assistentløn med 8 års ansiennitet, samt utgiftsdekning på kr 200 pr månad. Det blir utbetalt køyregodtgjersle for køyring under oppdraget.
Politiattest og teieplikt:
Du må levere politiattest av nyare dato, samt signere en teieerklæring før du kan få oppdrag som aktivitetskontakt.
Meld din interesse:
Elektronisk søknad via www.aal.kommune.no\ledige.stillingar eller ta kontakt med kontaktpersonane. For mer informasjon kontakt: , Mariann Eikrehagen Hefte, Tlf: +47 32085273, Epost: mariann.hefte@aal.kommune.no
Om bedriften
Ål kommune er ein utviklingsorientert arbeidsgjevar for 650 engasjerte tilsette, som er opptekne av å gje tenester av høg kvalitet til alle innbyggjarar, store og små.
I UNICEFS rapport om kvaliteten i oppvekst- og levevilkår, er Ål kommune blant dei 10 beste kommunane i Noreg.
Oppvekstsektoren arbeidar med, betre læring, tverrfagleg arbeid i kompetente fagmiljø og digitalisering av det pedagogiske arbeidet.
Helse og omsorgssektoren driv spanande prosjekter, som sett dagsaktuelle tema i fokus, velferdsteknologi, aldersvennlege samfunn, fagutvikling for autorisert helsepersonell.
Kultur, der er Ål kåra som ein av dei beste kulturkommunane i Noreg, kulturhuset tilbyr spanande og variert program for heile Hallingdal.
Drift og utvikling har viktige funksjonar for innbyggjarar og hytteeigarar og gjer Ål kommune til ein god stad å bu med kortreist og ein enkel kvardag.