Helsefagarbeidarar/assistentar - Korttidseininga
Førde helsetun er ein moderne sjukeheim. Vi har eit godt fagmiljø med mange dyktige og engasjerte medarbeidarar.
Langtidseininga har 28 plassar til brukarar med behov for langtidspleie. Her er brukarar med mange ulike diagnoser. Vi har ein god arbeidsstad med høgt tempo og utfordrande og varierte arbeidsoppgåver. Om du ønsker å arbeide med eldre menneske i eit triveleg arbeidsmiljø er du velkomen som søkar!
Vi søker etter dyktige medarbeidarar
Vi har ledig ca. 14 % faste helgestillingar. Stillingane er for tida i to-delt turnus og er ledig frå snarast.
Krav til søkar:
- autorisert helsefagarbeidar/sjukepleiar
- samarbeidsvillig, fleksibel, løysingsorientert og påliteleg
- gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
Vi søker deg som:
- har kjennskap til data, vi nyttar fagprogrammet gerica
- har erfaring frå liknande arbeid
- har motiviasjon for å jobbe innan eldreomsorga
Dersom det ikkje melder seg søkarar med relevant utdanning kan andre med kunnskap og interesse for eldreomsorga søke. Dei vil få tilbod om mellombels tilsetting.
Oppgje referansar i søknaden.
Politiattest må leverast før start i stilling. Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Una Holmelid, Mobil +47 99084361, Epost: una.holmelid@forde.kommune.no
Om bedriften
Førde ligg midt i Sogn og Fjordane og tilbyr rike naturopplevingar med sine vakre elvar, fjell og dalar. Kommunen har om lag 13 000 innbyggarar og er sentrum for handel, service og utdanning i fylket. Vi har eit variert kulturliv med teater, kino, konsertar og utstillingar samt andre kulturhendingar. Mykje av dette er knytt til vår eiga storstove, Førdehuset, som også byr på svømmehall og idrettsanlegg. Førde kommune er den største arbeidsplassen i kommunen ved sida av Sentralsjukehuset og har om lag 1200 arbeidstakar innanfor mange ulike yrke.