Assisterande rektor
Halbrend skule har ledig ei fast stilling som assisterande rektor.
Halbrend skule er ein kombinert skule med 465 elevar på 5.-10. steget i Førde kommune.
Frå 1.1.2020 blir Førde kommune ein del av Sunnfjord kommune saman med Gaular, Jølster og Naustdal kommune.
Skulen har vore gjennom ei omfattande utbygging og renovering. Dei fleste klasseromma og fellesområda har blitt oppdatert med nytt inventar og det er Smartboard installert i alle klasserom.
Halbrend skule har gode faglege resultat, eit godt arbeidsmiljø og gode resultat på elevundersøkinga.
Vi har ein tydeleg profil, og vektlegg skulen sine kjerneverdiar: respekt – omsorg – samarbeid – kunnskap – engasjement.
Vi arbeider for å bli ein lærande organisasjon og har sett læring og utvikling i system. Vi vektlegg ein fellespedagogisk plattform som alle på skulen skal følgje opp. Eit av satsingsområda til skulen er vurdering for læring og skulen har kome langt i arbeidet med vurdering.
Leiinga vil bli organisert som eit team med rektor og to assisterande rektorar.
Dei to assisterande rektorane har ansvar for faglege oppfølginga av hovudstega. Den som vert tilsett skal følgje opp ungdomssteget.
Du må ha pedagogisk utdanning, undervisningskompetanse og erfaring for undervisning på ungdomsteget.
Du bør ha leiarutdanning, eller forplikte deg på å ta leierautdanning innan rimeleg tid.
Som assisterande rektor vil du få følgjande arbeidsoppgåver:
- Vikaransvar
- Timeplanarbeid
- Planarbeid, logistikk
- Oppfølging av tilsette
- Oppfølging av elevsaker
- Utviklingsarbeid på hovudsteget
- Spes.ped
- Administrative oppgåver
Vi ønskjer ein utviklingsorientert leiar som er tydeleg og evner å bygge relasjonar i organisasjonen. Du må kunne følgje opp skulen sine kjerneverdiar, praktisere dei og omsette dei i praktisk handling. Du må kunne arbeide i eit team og samarbeide for å finne løysingar. Du må vere fleksibel, strukturert, systematisk og effektiv i ein hektisk kvardag med til tider eit høgt arbeidstempo. Du må vere inkluderande og kunne utvikle tilsette gjennom oppfølging og rettleiing. Personlege eigenskapar vert vektlagt og aktuelle kandidatar vert innkalla til intervju.
Det blir teke atterhald om godkjenning av leiingsstrukturen før tilsetjing.
For nærare informasjon om stillinga, ta kontakt med Sølvi Søgnen tlf. 57 82 87 40 / 958 15 569.
Søk på stillingen ved å klikke på “Søk på stilling” knappen på høyre side.
Søknadsfrist 16.06.2019