Byggesaksbehandlar - 100% fast
Vi søkjer
Til Sektor samfunnsutvikling søkjer vi etter rådgjevar for kommunen sitt arbeid med bygge- og delingssaker, tilsyn og utsleppsløyve. Andre oppgåver innan arealforvaltning og sektoren sin oppgåveportefølje må påreknast etter kapasitet og behov. Stillinga ligg til Avdeling byggesak og geodata og er del av eit fagfellesskap med ti medarbeidarar innan bygge- og delingssak, oppmåling, miljøretta helsevern og eigedomsskatt. Vi søkjer primært etter ein medarbeidar med relevant utdanning på høgskulenivå, men søkjarar med anna utdanning og særleg relevant arbeidserfaring vil også verta vurderte. Erfaring frå byggebransjen er ein fordel.
Arbeidsstaden er for tida Kvinnherad rådhus, Rosendal.
Sentrale arbeidsoppgåver vil vere:
- Saksbehandling etter plan- og bygningslova og forureiningslova med tilhøyrande regelverk
- Saksbehandling av byggjeløyver, ferdigattestar, utsleppsløyve med meir
- Dispensasjonar og andre prinsipielle saker med saksførebuing for politisk behandling
- Rettleiing og dialog med publikum og næringsliv
- Delta i avdelinga sine andre oppgåver etter behov
Våre forventningar til søkjar
- 3-årig høgskuleutdanning eller tilsvarande. Relevant erfaring kan kompensera for manglande utdanning
- God kjennskap til plan- og bygningslova og byggteknisk forskrift
- Arbeidserfaring frå fagområdet eller liknande arbeid
- Er samarbeidsvillig, fleksibel og kommuniserer godt
- Arbeider effektivt, sjølvstendig, målretta og strukturert
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
- God datakunnskap og erfaring med aktuell programvare
- Førarkort og disponerer privatbil
Personlege eigenskaper
- Ansvarsfull og nøyaktig
- Servicesinnstilt
- Fleksibel
- Gode digitale ferdigheiter
- Utviklingsorientert
- Svært gode samarbeidsevner
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing. Det er mykje kundekontakt der ein må leggje til rette for god dialog og kunne handtere ulike situasjonar.
Vi tilbyr
Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
Søknad vert å senda
Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju). Normalt vil søkjar sitt namn bli offentlegjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.
Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.
Om bedriften
Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar.Kommunen ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjærgard, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året.