Maritim trafikkleiar - Kystverkets sjøtrafikksentral i Horten
Org. nr: - Stillingsident: 4269243415 Presentasjon av stillingen:
Kystverket har fem sjøtrafikksentralar, desse er plassert i Brevik, Fedje, Horten, Kvitsøy og Vardø. Horten sjøtrafikksentral dekker heile Oslofjordområdet frå svenske grensa. Trafikksentralen har 13 trafikkleiarar i heilkontinuerlig skift.
Det er ledig stilling som maritim trafikkleiar - Kystverkets sjøtrafikksentral i Horten. For nærare opplysningar om arbeidsoppgåver og kvalifikasjonar sjå teksta under.
Arbeidsoppgåver
- Maritim trafikkovervaking
- Koordinering av skipsrørsler i samsvar med norske reglar
- Varslings- og beredskapsoppgåver
- Utferding av navigasjonsvarsel
- Administrative oppgåver må påreknast
- Ekstra arbeid for å fylle årsverket vil bli pålagt
- Lista er ikkje uttømmande
Kvalifikasjonar
- Ha løyst dekksoffiserssertifikat klasse 2 og teoretisk utdanning til å kunne løyse dekksoffiserssertifikat klasse 1
- Aktuell og allsidig maritim erfaring
- Gode skriftlege og munnlege ferdigheiter på norsk og engelsk
- Gyldig legeattest for sjøfolk, minimum 18 måneder
- Kandidaten må kunne bli sikkerhetsklarert da det kan verte krav om sikkerheitsklarering
- Bestå arbeidspsykologisk test og engelsk språktest
Utdanningsretning
- Maritime-/Offshorefag Nautikk
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsferdigheter.
- Sjølvstendig, med høg arbeidskapasitet og evne til å ta initiativ
- Høg situasjonsmedviten og evne til å ta raske avgjerdsler
- Fleksibel og løysningsorientert
- God sjølvinnsikt
- Framtidsretta, engasjert og påliteleg
Søkaren må opplyse om:
- Tidlegare søknadar som trafikkleiar (årstal)
- Tre referansar
Vi tilbyr
- Spennande, varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
- Eit aktivt, utviklande og godt arbeidsmiljø
- God pensjonsordning i Statens Pensjonskasse
- Ferieheimsordning på Kystverket sine fyr, samt andre gode velferdstiltak
- Løn som trafikkleiar iht stillingskode 0108, ltr 46-56, kr. 420 700 - 496 100, samt tillegg etter Statens hovedtariffavtalar og til ein kvar tid gjeldande særavtale for trafikkleiarar i Kystverket
- Det er utarbeidd eigne retningsliner for å oppnå og oppretthalde tenestebevis og autorisasjon, som maritim trafikkleiar
Andre opplysningar
-
Sjøtrafikksentralen er døgnbemanna, og den som vert tilsett må inngå i skiftordninga. I tillegg må den som vert tilsett inngå i ei heimeberedskapordning, med krav om responstid på 2 timar ved utkall. Ein vil ha ca 30 beredskapsvakter pr år.
-
Det vil bli gitt opplæring for å bli maritim trafikkleiar. Opplæringa har to delar:
- Eit sentralt kurs for å få tenestebevis som maritim trafikkleiar.
- Ei lokal opplæring på sjøtrafikksentralen.
- Begge prøvene må gennomførast med tilfredsstillande resultat og er eit krav for å kunne arbeide på sjøtrafikksentralen.
-
Kystverket skal være prega av mangfald, og våre tilsette skal spegle befolkninga. Vi oppfordrer alle som er kvalifiserte til å søkje jobb hos oss. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.
-
Arbeidsstad for stillinga: for tida Horten.
-
Dato for test: Etter avtale
-
Dato for intervju: Etter avtale
Kystverket er for tida under omorganisering og ny organisasjon vil vere på plass frå 2021.
Kontaktinformasjon
Paul -Willy Paulsen, Sjøtrafikksentralsjef, +4740000096, paul.willy.paulsen@kystverket.no
Arbeidsstad
Moloveien 7
3187 Horten
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Kystverket
Referansenr.:4269243415
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.08.2020
Om bedriften
Kystverket er ein nasjonal etat for kystforvalting, sjøsikkerheit og beredskap mot akutt forureining. Kystverket arbeider aktivt for ein effektiv og sikker sjøtransport gjennom å ivareta transportnæringas behov for framkome og effektive hamner. Kystverket driv førebyggande arbeid og reduserer skadeeffektane ved akutt forureining, og medverkar til ei bærekraftig utvikling av kystsona. Kystverket ligg under Samferdselsdepartementet.