IT Systemutviklar
Org. nr: - Stillingsident: 4367805856 Presentasjon av stillingen:
Leirvik AS er leiande leverandør av bustadhotell, modular, produkt og tenester til offshoreindustrien nasjonalt og internasjonalt. Vår solide kompetanse og lange erfaring innan prosjektering, bygging og gjennomføring vert understøtta av IT-systema våre. Me søkjer difor etter ein IT systemutviklar som kan vera med å utvikla Leirvik AS inn i framtida.
Arbeidsoppgåver
- Delta i strategi og utvikling av Leirvik sine IT-løysingar
- Vidareutvikla Leirvik sitt eige prosjektgjennomføringssystem
- Vidareutvikla integrasjonen mellom interne og eksterne IT system
- Delta i forbetringsprosessar rundt Leirvik sine IT system
Kvalifikasjonar
- Du har utdanning frå høgskule eller universitet. (Relevant erfaring kan kompensera for utdanning)
- Helst 2 år med relevant erfaring, men nyutdanna vert også oppmoda til å søka
- Kompetanse eller erfaring med
- Utviklingsverktøy, spesielt C#/.NET, MSSQL
- Utvikling av integrasjonar ved bruk av API, databasekoblingar, eller andre metodar
- Skyløysninger som Microsoft Azure
- Gode skriftlege og munnlege framstillingsevner på norsk og engelsk
Utdanningsretning
- Maritime- / Offshorefag
- Salg / Markedsføring
- Administrasjon og ledelse
Utdanningsnivå
-
Høyskole / Universitet
-
Positiv, proaktiv og ein sterk relasjonsbyggar
-
God kommunikator og lagspelar
-
Kommersiell og strategisk tenkande
Language
- Norsk
- Engelsk
Du får
- Utfordrande og spanande arbeidsoppgåver
- Eit hektisk og hyggeleg arbeidsmiljø
- Konkurransedyktig løn
- Gode velferds- og pensjonsordningar
Kontaktinformasjon
Arne Ottesen, VP Engineering & Technology, 48297004
Ståle Almås, Manager Tools & Systems, 922 44 946
Arbeidssted
Storhaugsvegen 130
5416 Stord
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Leirvik AS
Referansenr.:4367805856
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.04.2021
Om bedriften
Leirvik AS er ei moderne verksemd med 250 topp kvalifiserte medarbeidarar. Etter nær 50 år med bygging og vedlikehald av offshore bustadhotell, satsar me no i tillegg på nye område som akvakultur, infrastruktur og havvind.
Me har i dag eit breitt ingeniørmiljø som utviklar teknologi og løysingar som vert nytta for å byggja og vedlikehalda bustadhotell, både på eige verft på Stord og offshore.
Det har vore eit krav til omstilling i heile vegen -- og me har klart det takka vera ei kontinuerleg nyskapings- og entreprenørånd gjennom generasjonar.
Og det aller viktigaste; me har gode folk på alle plan!