Lege
Org.nr.:938 497 524 Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Gulen kommune ligg idyllisk til ved munningen av Sognefjorden. Kommunen har 1500 holmar, skjær og øyer, i tillegg til flotte fjell og mange turstiar. Dette gjer gode moglegheiter for varierte friluftsaktivitetar. Det tar omlag 1,5 time med ekspressbåt og 2 timar med bil frå Eivindvik til Bergen sentrum.
Gulen kommune lyser med dette ut 100% fast stilling som lege (fastlønsstilling) . Start for stillinga vert etter avtale.
Hovudkontoret til legane ligg i Eivindvik. Det er 3 legestillingar ved dette kontoret, som alle er organisert som fastlønsstillingar. Eine legen er under spesialisering gjennom ALIS-Vest prosjektet. Kontoret har legesekretærar som støttepersonell. Det er i tillegg utekontor på Brekke og Byrknes som er ope kvar sin dag i veka. Legane vekslar på å reise til desse utekontora. Hovudkontoret er lokalisert i kontorfellesskap med helsestasjonen og psykisk helse og rus.
Arbeidsoppgåver:
-
Kurativ praksis og kommunale oppgåver. Fordeling av kommunale oppgåver mellom dei tre legane vert gjort på bakgrunn av kompetanse, interesseområder osv. Den nye legen vil for tida ha fastlegeliste på omlag 850 pasientar. Rammene til legane gjer høve til stor grad av autonomi i arbeidskvardagen.
-
Kommunen inngår i Nordhordaland legevaktdistrikt på kveld og helg. Den nye legen må rekne med å delta i legevakt om lag 2-3 vakter per månad inkl. nattevakt. Legevakt innan vanleg arbeidstid på kvardagar vert delt mellom dei tre legane.
Kvalifikasjonar:
-
Vi søkjer etter ein lege med norsk autorisasjon og spesialitet innan allmennmedisin. Søkjarar utan spesialitet kan også verte vurdert. For søkjarar utan spesialiteten, vil kommunen legge til rette for at legen kan ta spesialistutdanning i allmennmedisin. Kommunen har rettleiar dagleg tilstades i kontorfellesskapet. Det kan verte aktuelt å vurdere bindingstid for søkjarar som treng spesialistutdanning.
-
Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar:
-
Sidan legetenesta i Gulen kommune er eit relativt lite legekontor med ein travel og spennande arbeidskvardag, er det viktig at den nye legen er stabil og kan bidra i arbeidsfellesskapet ved å vere sjølvstendig, pliktoppfyllande og yte tenester av god fagleg kvalitet.
-
Legen må også vere fleksibel og kommunisere/samarbeide godt med pasientar, pårørande, kollegaer og andre samarbeidspartnarar. Det vert stilt krav om at legen kommuniserer svært godt på norsk - både munnleg og skriftleg. Legen må ha bestått norskprøve på B2-nivå.
-
Personleg eignaheit kan verte vektlagt ved tilsetjing.
Anna:
- Søkjarane må gje opp minimum to referansar i søknaden
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
Vi tilbyr:
- Spennande arbeidsoppgåver
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Hjelp med å skaffe bustad
- Triveleg arbeidsmijlø
Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Einingsleiar helse Elizabeth Høydal, Epost: elizabeth.hoydal@gulen.kommune.no
Om bedriften
Gulen kommune ligg på sørsida av Sognefjorden, heilt ut mot havet. Innbyggjartalet er ca. 2 300. Kommunen har ca. 400 tilsette, som arbeider etter visjonen "Samarbeid for utvikling!"