Autorisert ambulansearbeider
Org. nr: - Stillingsident: 4216617663 Presentasjon av stillingen:
Akuttmedisinsk avdeling, AMA, er ein avdeling under Kirurgisk Serviceklinikk, og har ansvaret for all ambulansedrift (bil, båt, helikopter) samt nødmeldetenesta i Helseføretaket. Avdelinga har om lag 260 tilsette. Drifta er i dag organisert i tre ambulanseområde i tillegg til AMK-sentral.
Arbeidsoppgåver
Vi søkjer etter autoriserte ambulansearbeidarar i ambulansetenesta seksjon Nord og har ledig både faste stillingar og vikariat. Oppgje i søknaden kva stilling(ar) du søkjer i prioritert rekkjefølgje.
Faste stillingar
-
2 x faste helgestillingar 36,4% pt i Knarvik. 12 timars rullerande turnus.
-
1 x fast 28,64% (utan helg) pt i Gulen. Rullerande døgnbilturnus. Stillinga kan kombinerast med vikariat på 13,41% fram til 04. oktober 2020.
Vikariat
- 1 vikariat i 13,41% stilling i Gulen fram til 04. oktober 2020 (utan helg).
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som ambulansearbeidar
- Krav om kompetansebevis for utrykkingskøyring (kode160)
- Førarkort kl. C1 er eit krav for fast tilsetjing
- Førarkort kl B er eit krav for vikariata, men det er ønskjeleg med førarkort klasse C1 også der
- Plettfri vandel. Vandelsattest må leggjast fram før tilsetjing
- Søkjarar med anna helsefagleg bakgrunn og som har gjennomført vikarkurs kan og bli vurdert for vikariata
Personlege eigenskapar
- Ansvarsbevisst, påliteleg, serviceorientert og fleksibel
- God fysisk og psykisk helse
- Evne til å ta raske avgjersler og til å arbeide sjølvstendig
- Må meistre godt norsk, både munnleg og skriftleg
- Søkjar sine personlege eigenskapar tel mykje ved tilsetjing
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Vi tilbyr gode turnusordningar
- Vi tilbyr fagdagar med kompetanseheving
- Stasjonane har gode treningsfasilitetar og mange spennande oppdrag både sommar og vinter
- Det er godt samarbeid med dei andre nødetatane i distrikta
- Gode kollegaer i eit trivelig miljø
Kontaktinformasjon
Tommy Nybakk, Seksjonsleiar, 41929290
Arbeidsstad
5021
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Bergen
Referansenr.:4216617663
Stillingsprosent: 36,4%
Fast
Startdato: 01.05.2020
Søknadsfrist: 13.04.2020
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.