Fagarbeidar barnehage
Stillingsannonsen er inaktiv.Ulstein kommune, Sundgotmarka barnehage
Joelvavegen 9, 6065 Ulsteinvik
Ulstein kommune har ledig stilling som barne- og ungdomsarbeidar ved Sundgotmarka barnehage.
Vi er på jakt etter deg som er topp motivert, engasjert, kvalitetsbevisst og har gode kommunikative evner.
Stillinga er eit vikariat til og med 31.07.2023 med oppstart snarast mogleg. Stillingsbehovet kan endre seg.
Den som vert tilsett må legge fram politiattest.
Arbeidsoppgåver
- I samarbeid med pedagogisk leiar planlegge, gjennomføre og evaluere det pedagogiske arbeidet i samhandling med øvrige tilsette
- Saman med dei øvrige tilsette påverke og delta i endrings- og utviklingsarbeid
- Samhandling med andre instansar
- Medverke til godt foreldresamarbeid
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
- Anna relevant utdanning kan vere aktuell
Personlege eigenskapar
- Skape gode relasjonar mellom barn, foreldre og personalet
- Skape eit inspirerende leike- og læringsmiljø med fokus på heilheitleg læringsløp
- Fagleg engasjement
- Det er viktig at du kan arbeide i tråd med kjerneverdiane til kommunen:
Nyskaping - omsorg - rausheit - mangfald
Vi tilbyr
- Dyktige kollegaer og godt arbeidsmiljø
- Varierande og spennande arbeidsoppgåver
- Nydeleg nærmiljø med sjø, skog, fjell og dyr rett utanfor arbeidsplassen
- Autonomi
- Tilsetting på vanlege kommunale vilkår
- Løn etter kvalifikasjonar og gjeldande regulativ
Kontaktinformasjon
Nora Wingsternes, Barnehagestyrar, 91577715Arbeidsstad
Joelvavegen 96065 Ulsteinvik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Ulstein kommuneReferansenr.:4567082126
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Sluttdato: 31.07.2023
Søknadsfrist: 09.10.2022
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Ulstein kommune, Sundgotmarka barnehage
Adresse
Sundgotmarka, 6065 Ulsteinvik
Hjemmeside
www.ulstein.kommune.no
Mellom storhavet og Sunnmørsalpane ligg Ulstein kommune med kommunesenteret Ulsteinvik. Hos oss står nyskaping og bulyst i høgsetet. Folketalet stig og nye utbyggingsprosjekt har blitt prisløna dei siste åra. Vi driv godt, har stram men ordna økonomi, gode tenester og høg fagleg kompetanse. Vi huser store maritime verksemder med global marknad og hjarte for lokalsamfunnet. Saman med engasjerte innbyggarar, ein blømande frivillig sektor og eit allsidig næringsliv skaper vi framtida.
Om stillingen
Stillingstittel
Fagarbeidar barnehage
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Arbeidsdager
Ukedager
Arbeidstid
Dagtid
Sist endret: 10. oktober 2022
Hentet fra: talentech
Referanse: 2ab7686816144e558033f9ad3f0f322e
Stillingsnummer: 9860553f-29ac-49e2-b48d-c43893cde8d7