Jordmor
Org. nr: - Stillingsident: 4197957836 Presentasjon av stillingen:
Me søkjer etter ein dyktig medarbeidar, som evnar å jobbe sjølvstendig og heilskapleg, og som ønskjer å vere sentral i vår faglege satsing og utvikling når det gjeld førebyggjande og helsefremjande arbeid rundt barn, unge og deira familiar.
Eining barn og familie er tverrfagleg sett saman av helsestasjon, jordmorteneste, psykisk helse for barn og unge og barneverntenesta. Eininga har ledig eit årsvikariat som jordmor, i 100 % stilling. Det vert gjeve atterhald om statlig finansiering av deler av stillinga
Arbeidsoppgåver
- Svangerskapsomsorg
- Barselomsorg etter fødsel
- Ammerettleiing
- Undervisning i fødselsførebuande kurs
- Helsestasjon for ungdom
- Tett samarbeid med helsestasjon, psykisk helse, fastlege og fødeavdeling
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som jordmor
- Erfaring med arbeid i svangerskaps- og barselsomsorg på helsestasjon
- God munnleg og skriftleg fremstillingsevne
- IKT-komtepanse
- Gyldig politiattest jf. helsepersonelloven § 20
- Den som vert tilsett må ha førarkort og moglegheit for å disponera eigen bil
- Det vert lagt særskilt vekt på personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar
- God evne til å trygge og førebu foreldre til fødsel og barseltida
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Evne til å vere fleksibel og løysingsorientert
- Jobbe systematisk og strukturert
- Engasjert i fagleg utvikling og kunnskapsbasert praksis
Vi tilbyr
- Stillingsstorleik: 50- 100 %
- Interessante og spanande utfordringar, og utvikling av tenestetilbodet vårt
- Eit tverrfagleg og godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
- Løn etter gjeldande lover, reglement og tariffavtaler
- Gode pensjonsordningar gjennom KLP
- Fleksitid, med vinter- og sommartid
Kontaktinformasjon
Ingvild Hustad, Einingsleiar, 971 00 486, Ingvild A. Hustad
Aud Kaldefoss, Oppvekstsjef, 934 02 321, aud.kaldefoss@tysnes.kommune.no
Arbeidsstad
Rådhuset
5685 Uggdal
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgjevar:Tysnes kommune
Referansenr.:4197957836
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 15.03.2020
Om bedriften
Tysnes kommune er ei øygruppe i Sunnhordland, litt sør for Bergen. Samla areal er på 255 km^2^ og innbyggartalet er på om lag 2800. Kommunen er landfast med bru over Lukksund og har elles gode ferjeforbindingar mot nord og sør.
Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Me er oppteken av å skape gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å bu.