MEKANIKAR / REPARATØR
I samband med at ein av medarbeidarane våre går av med pensjon, har vi no ei ledig stilling som mekanikar/reparatør.
Arbeidsoppgåver i stillinga:
- Reparasjon og vedlikehald av containerar og utstyr
- Utføre mekaniske operasjonar
- Sveise- og brennearbeid
- Service- og vedlikehaldsarbeid
- Måling av containerar
- Andre arbeidsoppgåver kan også bli lagt til stillinga ved
- behov
- Som medarbeidar i SSR kjem du i ein bransje i stor utvikling og arbeidsoppgåver kan difor bli endra over tid.
Kvalifikasjonskrav i stilinga:
- Fagbrev som mekanikar eller platearbeidar er ønskeleg, men ikkje eit krav
- Kurs varme arbeid
- Erfaring frå tilsvarande arbeid
- Må beherske norsk munnleg og skriftleg
- God fysisk helse
- Gode samarbeidsevner og evne til å jobbe sjølvstendig
- Du må ha gode haldningar til sikkerheit og HMS-arbeid
- Du er serviceinnstilt og interessert i å utvikle deg fagleg
Vi tilbyr:
- Ei stilling i ein spennande bransje i stor utvikling
- Nye og moderne anlegg
- Lønn etter avtale og pensjon gjennom KLP
Om bedriften
Søre Sunnmøre Reinhaldsverk IKS (SSR) er eit interkommunalt renovasjonsselskap for kommunane Herøy, Ulstein, Hareid og Sande.
SSR arbeider med miljø, med spesielt fokus på innsamling og gjenvinning av hushaldningsavfall og avfall frå næring.