Kommunikasjonsrådgivar
Org. nr: 964979456 Stillingsident: 4281493384 Presentasjon av stillingen:
Vi søker deg som har brei kommunikasjonsbakgrunn og som vil vere med på å gjere Ulstein til ein enda betre kommune å bu og arbeide i. Vi trur på openheit, dialogog nyskaping i lag med andre. Du veit at kommunikasjon er eit av verktøya for å lukkast med det. Og du veit nøyaktig korleis ein skaper eit godt samarbeidsklimamellom innbyggarar, politikarar og tilsette. Saman skal vi skape framtidas kommune!
Arbeidsoppgåver
Du vil bli tilsett i sentraladministrasjonen, og du vil jobbe med alle avdelingane i kommunen. Du har ei sjølvstendig stilling som krev at du er initiativrik, systematisk og god til å samarbeide. Du vil vere ansvarleg for å finne, skrive og publisere informasjon om tenester og prosjekt på dei ulike kanalane kommunen nyttar - både internt og eksternt. Du vil også spele ei viktig rolle i det politiske arbeidet gjennom møteverksemda.
Du vil vere ansvarleg for å utarbeide ein ny kommunikasjonsstrategi og sette han i verk. Du vil også sitte i faggruppa for kommunikasjon/web som er felles for alle kommunane i Sjustjerna (Hareid, Herøy, Ørsta, Volda, Ulstein, Sande og Vanylven). Du vil også vere med på å utforme og forbetre digitale sjølvbeteningsløysingar.
Andre oppgåver som kan vere aktuelle, er å vere møtesekretær for formannskapet og kommunestyret, vere valansvarleg for lokal- og stortingsval og jobbe med andre prosjekt. Kva oppgåver som til slutt blir lagde til stillinga, kjem an på kompetansen og erfaringa til den som vert tilsett.
Vi vil legge vekt på personlege eigenskapar.
Kvalifikasjonar
- relevant høgskule/universitetsutdanning på minst bachelornivå. Relevant arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet.
- gjerne journalistisk bakgrunn eller erfaring med operativt kommunikasjonsarbeid
- erfaring med innhaldsproduksjon til trykte, digitale og sosiale medium
- erfaring med offentleg forvaltning er positivt
- erfaring som prosjektleiar er ein fordel
- erfaring med politisk møteverksemd kan vere ein fordel
- særs god framstillingsevne på norsk både munnleg og skriftleg. Skriftspråket vårt er nynorsk.
Personlege eigenskapar
- evnar å jobbe sjølvstendig
- skaper tillit, samarbeider og kommuniserer godt
- er initiativrik med god gjennomføringsevne
- er nøyaktig og kvalitetsbevisst
- trivst med breidde i arbeidsoppgåver
- arbeider godt under tidspress og er god til å prioritere
- liker å arbeide på både strategisk og operativt nivå
Vi tilbyr
- kjekke kollegaer i eit godt arbeidsmiljø
- ein organisasjon som har høge ambisjonar innanfor innbyggardialog, samskaping og nyskaping
- gode høve til utvikling, med varierte og spanande arbeidsoppgåver
- god offentleg pensjonsordning
- lønn etter dei lønnspolitiske retningslinjene til kommunen
Kontaktinformasjon
Monica Cecilie Torp, Kommunalsjef organisasjon og utvikling, 90743207
Arbeidsstad
Sjøgata 63
6065 Ulsteinvik
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Ulstein kommune
Referansenr.:4281493384
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.09.2020
Om bedriften
Mellom storhavet og Sunnmørsalpane ligg Ulstein kommune med kommunesenteret Ulsteinvik. Hos oss står nyskaping og bulyst i høgsetet. Folketalet stig og nye utbyggingsprosjekt har blitt prisløna dei siste åra. Vi driv godt, har stram men ordna økonomi, gode tenester og høg fagleg kompetanse. Vi huser store maritime verksemder med global marknad og hjarte for lokalsamfunnet. Saman med engasjerte innbyggarar, ein blømande frivillig sektor og eit allsidig næringsliv skaper vi framtida.