Ledig stilling som Informasjons- og administrasjonsleiar
Frå 1. april 2021 søker vi ny medarbeidar på kontoret vårt. Stillinga er ein del av administrasjonen til skulen. Gode samarbeidsevner, greie på økonomi og gode kunnskapar innan marknadsføring og data er ein føresetnad. Her får du vere med å utvikle ein spennande og variert arbeidsplass, og får høve til å forme innhaldet i din eigen arbeidskvardag.
Kvifor arbeide hos oss?
- Ein veldriven skule med bra belegg og god økonomi
- Ein engasjerande og spennande arbeidsplass med eit lojalt og dyktig personale, som har høg trivsel, godt humør og er opptatt av å utvikle skulen vidare
- Stor fridom og varierte, krevjande og spennande oppgåver
- Løn etter gjeldande avtaleverk og pensjonsordning i Statens Pensjonskasse
Vi søkjer etter deg som:
- Følgjer opp skulen økonomisk, med rekneskap, avstemming, oppfølging m.v.
- Kan leie og drive skulen sitt marknadsføringsarbeid; annonsering, brosjyrearbeid, nettsider, sosiale medium, utdanningsmesser m.v.
- Kan generelt kontorarbeid, kontakt med søkjarar, følgje opp elevar, tilsette og gjester
- Har gode datakunnskapar, både Word, Excel og er open for å lære andre program
- Kan eller vil setje seg inn i gjeldande avtaleverk og førebu lønskøyring
- Er glad i menneske, trivst med ungdom og ønskjer å ta del i folkehøgskulelivet
- Er strukturert, fleksibel, kreativ og serviceinnstilt
- Er fortruleg med og lojal mot skulen sine verdiar
- Bømlo Folkehøgskule nyttar Tveit Rekneskap AS for føring av rekneskap og løn
Praktisk informasjon:
- Løn i tråd med gjeldande avtaleverk
- Du må rekne med arbeid utover normal arbeidstid; kvelds- og helgearbeid er aktuelt
Om bedriften
Bømlo Folkehøgskule er ein frilynt folkehøgskule som ligg på øya Bømlo i Sunnhordland. Skulen har ein kapasitet på rundt 100 elevar og har elevar frå heile landet. Skulen har fokus på fred, solidaritet, kreativitet og miljø.
Stiftarane til Bømlo Folkehøgskule er Kristne Arbeidere (KA), Landsorganisasjonen i Noreg (LO) og Arbeidernes Opplysningsforbund (AOF).
Skulen driv primært folkehøgskuledrift, har ei god sommardrift med utleige av skulebygning og internat og sommarleirar for barn og vaksne utviklingshemma frå Bergen kommune.
Skulen har 22 tilsette som er stolte av arbeidsplassen vår og samarbeider godt.