Miljøterapeut natt - Ungdomsavdeling psykisk helsevern
Org. nr: - Stillingsident: 4068241530 Presentasjon av stillinga:
UPH søker etter 50% stilling som miljøterapeut på natt.
UPH (Ungdomsavdeling psykisk helsevern) er ein av 4 seksjonar i psykisk helsevern for barn og unge. UPH er ei døgnavdeling for ungdom i alderen 12 - 18 år. Avdelinga er den einaste av sitt slag i Helse Førde og har akutt-, intermediær- og langtidsplassar.
Den som vert tilsett må ha medisinsk kompetanse, f.eks. sjukepleiar eller vernepleiar.
Stillinga kan ikkje delast.
Oppstart snarast eller etter avtale.
For stillingane krevst det dokumentert autorisasjon.
Vedkommende som får tilbod om tilsetjing må legge frem tilfredsstillende politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell §20a (gjelde arbeid med barn og utviklingshemma).
Arbeidsoppgåver
- Arbeide som miljøterapeut på natt
- Følge opp ut ifrå behandlingsplan og gjeldande rutiner
Kvalifikasjonar
- Medisinsk kompetanse
- Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
- Erfaring frå miljøterapeutisk arbeid
Utdanningsretning
- Vernepleie
- Sykepleie
- Helsefag
Utdanningsnivå
- Høyskole / Universitet, Diplom- / Bachelorgrad
Personlege Eigenskapar
- Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar
- Vi ynskjer oss ein engasjert og arbeidssam kollega som kan trivast i eit kunnskapsrikt fagmiljø
- Gode kommunikasjonsevner, sjølvstendigheit og struktur blir verdsatt
- Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
- Du trivst med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo
- Du har gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik
Språk
- Norsk
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
Andre opplysningar
- Ingen reiseaktivitet
Kontaktinformasjon
Frank Kalstad, Seksjonsleiar, (+47) 578 39 786, (+47) 415 30 623
Arbeidsstad
Førde
Nøkkelinformasjon:
Annonsør:Helse Førde
Ref. nr.:4068241530
Stillingsbrøk: 50%
Fast deltid
Startdato: 01.06.2019
Tal på stillingar: 1
Søknadsfrist: 26.05.2019
https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=4068241530&company_id=57830202&culture_id=NN-NO
For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på 2,8 milliardar kroner og er den største verksemda i fylket. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Førde skal så langt råd spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn.