Førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor i norsk (nordisk) språkvitskap - st. nr. 31/2020
Jobbnorge ID: 187935
Om stillinga
Ved Høgskulen i Volda er det ledig ei fast 100% stilling som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor i norsk (nordisk) språkvitskap. Stillinga er knytt til Institutt for språk og litteratur ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning og er ledig frå 1.1.2021.
Kvalifikasjonar
For tilsetjing som førsteamanuensis må ein ha doktorgrad eller tilsvarande kompetanse innanfor norsk (nordisk) språkvitskap eller anna relevant fagområde, og grunnleggjande kompetanse for undervisning og rettleiing på universitets- og høgskulenivå. For fast tilsetjing som høgskulelektor må ein ha master i norsk (nordisk) språkvitskap eller tilsvarande, og det blir lagt vekt på relevante forskningskvalifikasjoner utover mastergradsnivå. I tillegg må ein dokumentere relevant praktisk-pedagogisk kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervisning og rettleiing. I vurderinga av dei innsende arbeida vil vitskapleg kvalitet, originalitet og relevans leggjast vekt på framfor omfang.
Det er ønskeleg at søkjaren har praktisk-pedagogisk utdanning, lærarutdanning eller pedagogisk basiskompetanse. Søkjarar som ikkje har slik kompetanse, må gjennomføre høgskulepedagogisk kurs innan ein periode på to år frå tiltreding. Personlege eigenskapar vil bli vektlagde. Vi ønsker søkjarar som ønskjer å utvikle seg vidare som forskarar, som har ei reflektert og medviten haldning til eige undervisnings- og rettleiingsarbeid og som har evne til å engasjere studentar både i undervisning og gjennom rettleiing. Søkjaren bør kunne legge til rette for varierte undervisningsformer og kunne nytte digitale reiskapar i planlegging og undervisning. Elles ønsker vi medarbeidarar med gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, og med evne til å bidra til eit konstruktivt arbeidsmiljø.
Arbeids- og undervisningsspråket ved instituttet er norsk, og søkjaren må meistre både bokmål og nynorsk.
Ein viser til krav til vitskaplege og pedagogiske kvalifikasjonar i Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger: https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2006-02-09-129.
For meir informasjon om kva som ligg i kravet til pedagogisk kompetanse i Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger, sjå Universitets- og høgskolerådet sine nasjonale retningslinjer for pedagogisk basiskompetanse: www.uhr.no/temasider/karrierepolitikk-2/nasjonale-veiledende-retningslinjer-for-uh-pedagogisk-basiskompetanse.
Søkjar som ikkje innfrir krava til pedagogisk kompetanse, kan bli tilsett med vilkår om at vedkomande innan to år opparbeider seg denne kompetansen. Vedkomande vil få tilbod om opplæring/kurs/emne i høgskulepedagogikk.
Arbeidsfelt
Fagområdet for stillinga er norsk (nordisk) språkvitskap, og aktuelle spesialiseringar kan vere fonetikk/fonologi, morfologi, syntaks, talemål, sosiolingvistikk, språknormering, språkhistorie, pragmatikk og tekstlingvistikk. Det blir forventa at den som blir tilsett, kan undervise breitt innanfor dei nemnde felta. Instituttet har dessutan eit særleg fokus på nynorsk skriftkultur, og det er ønskeleg at den som blir tilsett, har interesse for dette feltet. Undervisnings- og rettleiingsoppgåvene for stillinga er primært knytte til Ivar Aasen-seksjonen for språk, litteratur og kultur, som har ansvar for års- og fordjupingsstudium i norsk (nordisk), bachelor i språk og litteratur, og mastergrad i nynorsk skriftkultur. Den som blir tilsett, må rekne med å ta del i undervisninga også på andre delar av instituttet. Stillinga omfattar undervisning og rettleiing ved bruk av varierte og digitale læringsmåtar, og det er ønskeleg med erfaring frå digitale læringsplattformer.
Vi tilbyr
Varierte og spennande arbeidsoppgåver i eit inkluderande og godt fagleg arbeidsfellesskap.
Eit spanande arbeidsmiljø med høve til fagleg og personleg utvikling og gode pensjonsordningar.
Nye tilsette får ekstra oppfølging det første året gjennom kollegabasert mentorordning, og ein får tilbod om kurs i høgskulepedagogikk. Vi har gode vilkår for forskingstid, og det finst fleire aktive forskargrupper på ulike felt innanfor faget, som ein kan delta i.
Stillinga er løna etter kompetanse og kvalifikasjonar i statens lønsregulativ med normal årsløn i desse stillingskodene ved Høgskulen i Volda: Førsteamanuensis 1011/førstelektor 1198 frå kr 583 900 - 789 200/ høgskulelektor 1008 frå kr 488 000 - 679 000.
Generell informasjon
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Høgskulen praktiserer moderat kjønnskvotering. Vi gjer søkjarar som oppgir at dei har nedsett funksjonsevne eller hol i CV merksam på at denne opplysinga kan verte brukt til statistikkføremål knytt til regjeringa sin inkluderingsdugnad.
Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.
Søkjarar kan verte kalla inn til intervju og/eller prøveundervisning. Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.
I samsvar med Offentleglovas § 25 kan søkjar be om å ikkje bli oppført på offentleg søkjarliste. Søkjarar som ønskjer å reservere seg, må under «søknad» hake av for «Er det grunnlag for å bli unntatt offentligheit, jfr. Offentlighetsloven» samt grunngi søknaden. Høgskulen kan likevel avgjere at namnet på søkjaren skal offentleggjerast. Søkjaren blir varsla dersom ønsket om unntak ikkje blir tatt til følge.
Om søknaden
Søknad og all dokumentasjon skal sendast elektronisk igjennom rekrutteringssystemet Jobbnorge der du registrerer søknaden, vedlegg og informasjon om utdanning og arbeidserfaring. Vi ber også om at du oppgir referansar med kontaktinformasjon. Søknaden skal gi eit fullstendig oversyn over utdanning og tidlegare praksis. Søknader eller vedlegg kan ikkje sendast på e-post eller i vanleg postgang til høgskulen.
Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle dokument/filer er lasta opp innan søknadsfristen. Søknaden vert vurdert med den informasjonen som ligg føre elektronisk i Jobbnorge. Vedlegg skal lastast opp som separate filer i eit format som kan leggjast ved elektronisk; PDF, PMG, JPEG, ODF, DOC. Dersom vedlegga samla overstig 30 MB, må dei komprimerast før dei vert lasta opp. Vedlegga skal ha namn som samsvarar med innhaldet i fila.
Følgjande dokument/filer skal leggjast ved den elektroniske søknaden:
- vitnemål og attestar, samla i ei fil
- CV
- fullstendig publikasjonslise over alle vitskapelege arbeid
- inntil 10 vitskapelege arbeid, inkludert master-/hovudfagsoppgåve og doktorgradsavhandling
Dei faglege kvalifikasjonane til søkjarane kan verte vurdert av eit sakkunnig utval. Viser til Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger, KD 9.2.2006, med endringar 15.9.2015. www.lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2006-02-09-129. Alle innkomne søknader blir først vurderte av avdelinga. Søknader frå klart ikkje-kvalifiserte søkjarar blir ikkje sende vidare til vurdering i sakkunnig utval.
Kontakt
Opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til seksjonsleiar ved Ivar Aasen-seksjonen for språk, litteratur og kultur, Anemari Neple, Anemari.Neple@hivolda.no, tlf. 70 07 52 34, instituttleiar ved Institutt for språk og litteratur, Jorunn Hetland, e-post: Jorunn.Hetland@hivolda.no, tlf. 90 99 11 55, eller prodekan for forsking, Per Halse, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, pha@hivolda.no, tlf. 70 07 51 46.
Om instituttet
Institutt for språk og litteratur tilbyr års- og fordjupingsstudium i norsk (nordisk) språk og litteratur og norskfaglege emne i grunnskule- og barnehagelærarutdanning og i praktisk-pedagogisk utdanning. Vi har ein bachelor i språk og litteratur, ein mastergrad i nynorsk skriftkultur og ein erfaringsbasert mastergrad i undervisning og læring med fordjuping i norsk. I dei femårige grunnskulelærarutdanningane har vi mastertilbod i norsk både innanfor grunnskulelærarutdanning 1-7 og 5-10. Vidare tilbyr instituttet årsstudium i norsk språk og samfunnskunnskap for internasjonale studentar og årsstudium i engelsk, og vi har etter- og vidareutdanningstilbod i norsk og engelsk. Vi samarbeider med Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa, som held til ved same avdeling.
Om avdelinga
Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning er den største avdelinga ved Høgskulen i Volda med årleg om lag 2000 studentar og 130 tilsette. Vi gjev tilbod om ei rekke ulike lærarutdanningar og fagstudium. Avdelinga har stor aktivitet innan etter- og vidareutdanning for lærarar. Høgskulen i Volda ligg langt framme i høve å gje slike tilbod med fleksibel organisering og bruk av ulike teknologiske løysingar. Vi har også omfattande aktivitet innan forsking og utviklingsarbeid. Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa er ein del av avdelinga.
Det beste med Volda
Studentar og bygdefolk fortel kva dei synest er det beste med Volda. Produksjon: Chris-Håvard Berge
Video: https://www.youtube.com/watch?v=61Me2JOrMgQ&feature=youtu.be
Se annonsen og søk på stillingen www.jobbnorge.no
Om bedriften
Høgskulen i Volda er høgskulen for humaniora og samfunnsvitskap i Møre og Romsdal. Vi er ein spennande kompetanseorganisasjon i vekst med om lag 4500 studentar og 350 tilsette. Vi gjev undervisning i ei rekkje fagområde, yrkesretta utdanningar og etter- og vidareutdanningar i nært samarbeid med samfunns- og næringsliv. Høgskulen i Volda driv mykje forsking og utviklingsarbeid og satsar på forskaropplæring og kompetanseoppbygging for dei tilsette i samarbeid med universitet i inn- og utland.