Lærar - Husnes ungdomsskule 100% vikariat
Stillingsannonsen er inaktiv.Kvinnherad kommune
Husnes ungdomsskule
Omtale av stillinga
Då ein av våre tilsette skal ut i ei prosjektstilling innad i kommunen har vi behov for 100% lærar fram til 31.12.2021. Vi har behov for ein lærar som kan undervise i faga norsk, engelsk, krle og samfunnsfag. Kandidatar som ikkje har undervisningskompetanse i alle fag vil verta vurdert. Tilsetjing så snart som råd er.
Arbeidsoppgåver
Undervisa i ulike fag.
Klasseleiing.
Kan vera aktuelt å arbeida som kontaktlærar.
Pedagogisk utviklingsarbeid.
Samarbeid med foreldre/føresette og andre samarbeidspartnarar, til dømes foreldremøte og foreldresamtalar.
Bidra til å utvikla eit godt læringsmiljø.
Sikra at elevane får eit godt skuletilbod.
Kvalifikasjonar
Godkjend og relevant pedagogisk utdanning for undervising i grunnskulen.
Personlege eigenskaper
Er ein tydeleg klasseleiar, arbeider systematisk, strukturert og sjølvstendig.
Er lærevillig og utviklingsorientert.
Er tydeleg og konsekvent som vaksen ovanfor barn og unge.
Bør ha gode samarbeidsevner, er positiv og møter kollegaer, barn, foreldre/føresette med respekt og forståing.
Er positiv, lojal og bidrar til eit godt arbeidsmiljø.
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.
Vi tilbyr
Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
Søknad vert å senda
Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju). Normalt vil søkjar sitt namn bli offentlegjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.
Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova § 10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Kvinnherad kommune
Adresse
Røsslandsvegen 9, 5460 Husnes
Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar.Kommunen ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjærgard, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året.
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 18. oktober 2020
Hentet fra: Kvinnherad kommune
Referanse: jobb.kvinnherad.kommune.no/recruitment/opening?3877
Stillingsnummer: 96d127a2-1253-4b19-97ba-b6265896ff4c