Kommunikasjonsrådgivar
Stillingsannonsen er inaktiv.Helse- og omsorgsdepartementet
Teatergata 9, 0180 Oslo
Jobbnorge ID: 187611
Kommunikasjonseininga
Kommunikasjonseininga har ansvaret for departementet sin kommunikasjonsstrategi, informasjonstiltak og all mediehandtering. Eininga gir råd til politisk leiing i kommunikasjonsspørsmål og arbeider tett med politisk leiing og fagavdelingane i departementet. Kommunikasjonseininga har elleve tilsette.
Mangfold og inkludering i Helse- og omsorgsdepartementet
Vi er opptekne av mangfald, og ønskjer å vere ein arbeidsplass som speglar folket. Vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Vi har eit personalpolitisk mål om å inkludere personar med nedsett funksjonsevne og personar som har stått utanfor arbeid eller utdanning i lengre tid, og vi legg arbeidstilhøva til rette om det trengst.
Gjev du til kjenne at du har innvandrarbakgrunn, nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en, kan opplysningane du gjev, brukast til statistikkformål.
Kommunikasjonsrådgivar
Vi søker ein samfunnsengasjert kommunikasjonsrådgivar til ei fast stilling i eininga vår.
Som kommunikasjonsrådgivar i Helse- og omsorgsdepartementet får du ein av dei mest spennande kommunikasjonsjobbane i landet. Helsepolitikk angår alle og engasjerer mange.
Arbeidsoppgåver
- Pressekontakt og medierådgiving (inngå i pressevaktordninga).
- Ansvar for eit fagområde (p.t. omsorgstenesteavdelinga).
- Førebu stortingssaker.
- Førebu og følgje statsråden på reiser.
- Skrive og bearbeide tekstar som talepunkt, innlegg og pressemeldingar.
- Lage innhald til regjeringen.no og sosiale medier (tekst, bilete og video).
Kvalifikasjonar
Du har
- høgare utdanning, innan medie- og/eller kommunikasjon
- erfaring som journalist og/eller kommunikasjonsrådgivar og pressekontakt
- erfaring frå offentleg forvalting og kjennskap til politiske prosessar
- god forståing for samspelet mellom politikk, embetsverk og media
- god kjennskap til aktuelle helsepolitiske saker og utviklinga i medielandskapet.
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk.
Personlege eigenskapar
Vi søker etter ein person som
- er idérik og initiativrik
- har eit godt auge for innhald som eignar seg på sosiale medium
- er god til å arbeide under press
- er fleksibel og arbeidsvillig
- kan handle raskt når det er nødvendig
- raus og omgjengeleg med gode samarbeidsevner.
Vi legg vekt på personlege eigenskapar som gjer nettopp deg skikka til stillinga.
Vi tilbyr
- Ein spennande jobb tett på departementet sine fagavdelingar og politisk leiing
- Eit godt arbeidsmiljø
- Fleksibel arbeidstid og moglegheit for trening i arbeidstida
- Lyse kontorlandskap midt i sentrum (regjeringskvartalet).
Les meir om å jobbe hos HOD her: Jobbe i Helse- og omsorgsdepartementet
Vi er underlagde lov- og avtaleverk som sikrar dei tilsette ryddige arbeids- og tenesteforhold.
Lønnsspenn seniorrådgivar: 590.000 - 700.000. For særleg kvalifiserte søkarar kan vi vurdere høgare løn.
2 % innskot til Statens pensjonskasse blir trekt frå løna. Medlemskapen er ei av dei beste pensjonsordningane i landet, med gunstig bustadlån og gode forsikringsordningar.
Kontaktinformasjon
Kommunikasjonsdirektør Mona S. Higraff, mobil 920 57 650, e-post: mona-saverud.higraff@hod.dep.no.
Slik søkjer du
Send søknad elektronisk via lenka "Søk stillinga" nedst på sida til JobbNorge.no.
Legg ved vitnemål og eventuelle attestar, og legg inn opplysningar til din CV.
Vi ønsker snarleg tiltreding. Den som blir tilsett, må kunne verte sikkerhetsklarert.
Alle dine personopplysningar vert tatt vare på i samsvar med GDPR.
Unntak fra offentlig søkerliste
I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.
Se annonsen og søk på stillingen www.jobbnorge.no
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Helse- og omsorgsdepartementet
Adresse
Teatergata 9, 0180 Oslo
Hjemmeside
https://www.regjeringen.no/no/dep/hod/jobb-i-hod/jobbe-i-helse--og-omsorgsdepartementet/id2411858/
Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) har det overordna ansvaret for at folk får gode og likeverdige helse- og omsorgstenester. Departementet har ansvar for folkehelsepolitikken og primærhelse- og spesialisthelsetenesta, medrekna e-helse, helserett og eigarskapsforvaltning av helseføretaka.
Departementet har 220 tilsette.
Les meir om oss på regjeringa.no.
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 11. juni 2020
Hentet fra: jobbnorge
Referanse: 187611_Helse- og omsorgsdepartementet_jobbnorge
Stillingsnummer: 96b600a9-d04c-4b35-a4b4-3da47a158079