Geomatikar
Statens vegvesen
Nygårdsgaten 112, 5008 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Geomatikar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest fredag 28. november
Om stillinga
På seksjonen Geomatikk - Drift og vedlikehald har me eit breitt spekter av spanande oppgåver - frå skanning av bruer, etablering av fastpunkt og eigedomslandmåling, til registrering av dekketilstand (spor og jamnheit på vegnettet, registrering av vegbilete og måling av friksjon) I tillegg har me personar som arbeider med bearbeiding av laserdata frå mobil mapping.
No søkjer me ein geomatikar/landmålar som ønskjer å bli ein del av eit fagleg sterkt og engasjert miljø, og som vil bidra til vidare utvikling av seksjonen vår.
Arbeidsoppgåver
Som geomatikar hos oss vil du mellom anna arbeide med:
- Skanning og bearbeiding av grunnlag for terrengmodellar
- Etablering av grunnlagsnett og fastmerkar
- Innmåling av detaljar
- Kontroll og kvalitetssikring av stikningsdata
- Mengdekontroll
- Setningsmålingar
Arbeidsstad for stillinga er Bergen.
Kvifor skal du velja oss?
Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Hos oss får du mange moglegheiter gjennom å bli ein del av ei landsdekkjande, solid og viktig verksemd. Samtidig er det også opp til deg å bidra til rørsle og kontinuerlig utvikling – både for deg sjølv og for oss.
Vi jobbar for alle – for deg og meg – og har ein reell påveknad på folks kvardag. Du får ansvarsfulle oppgåver og høve til fagleg og personleg utvikling. Vi tek godt imot deg i eit godt arbeidsmiljø over heile landet.
Vi tilbyr deg også desse goda:
- Fleksitid og avspasering – vi veit at balansen mellom arbeid og fritid er viktig, og vi tilbyr fleksible arbeidstider.
- God pensjonsordning og lån – trygg fremtid med gode pensjonsordningar og gunstige lån.
- Trening i arbeidstida – moglegheiter for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitetar.
- Fagleg påfyll – mange moglegheiter for kurs og vidareutdanning.
- Meir om gode som tilsett på våre nettsidar: Ansattgoder | Statens vegvesen
Lønna di blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.
Kvalifikasjonskrav
Du må ha:- Relevant teknisk utdanning frå universitet eller høgskule, minimum tre år. Relevant og lang erfaring innan fagområdet kan kompensera for manglande formell utdanning.
- Må ha erfaring med GNSS og totalstasjon med tilhøyrande programvare.
- Du må meistra grunnleggjande norsk munnleg og skriftleg
- Førerkort klasse B
- Gode IT-kunnskapar
- Kjennskap til aktuelle GIS-verktøy
- Praktisk erfaring innan dei aktuelle fagområda
Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, tilrår vi ei autorisert omsetjing av papira og godkjenningane dine frå HKDIR: Godkjenning av utenlandsk utdanning – jobb i Norge | HK-dir
Vi vektlegg motivasjon og engasjement for stillinga og samfunnsoppdraget vårt.
Personlege eigenskapar:- Sjølvstendig og tek initiativ
- Praktisk og strukturert tilnærming til oppgåveløysing
- Gode samarbeidsevner
- Evne til å dele kunnskap og bidra til kompetanseutvikling
- Evne til å skape eit godt arbeidsmiljø
- Gjennomføringsorientert
Som tilsett i Statens vegvesen er det dessutan viktig at du er tryggingsmessig skikka og har god dømmekraft, pålitelegheit og lojalitet.
Om søknadsprosessen
Krav til søknadenVi har gjort det enklare for deg! I staden for eit tradisjonelt søknadsbrev, ber vi deg svare på nokre relevante spørsmål. Hugs å fyll ut felta for "Utdannelse" og "Arbeidserfaring", og last opp vitnemåla dine og eventuelle attestar. Dette hjelper oss med å få eit godt bilete av bakgrunnen og kvalifikasjonane dine.
Testar og bakgrunnssjekkFor å sikre at vi finn den beste kandidaten, kan vi bruke arbeidspsykologiske testar som ein del av rekrutteringsprosessen vår. Desse testane gir oss innsikt i eigenskapane og ferdigheitene dine, og hjelper oss med å gjere ei rettferdig og objektiv vurdering, slik at vi finn den best kvalifiserte kandidaten. Vi gjennomfører også bakgrunnssjekk for å verifisere informasjon som er viktig for rekrutteringsprosessen.
Positiv særbehandlingVi i Statens vegvesen verdset mangfald og ønskjer å skape ein inkluderande arbeidsplass. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Om du har ei funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil du få moglegheit for positiv særbehandling.
Søkjarlista er offentlegDersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må du grunngi dette. Vi tek kontakt med deg dersom vi ikkje kan komme ønsket ditt i møte.
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Statens vegvesen er hjartet i Noregs vegsektor, og vi jobbar kvar dag for å sikre eit effektivt, trygt og heilskapleg transportsystem. Som den største aktøren innan vegtransport i Noreg, har vi ansvaret for riks- og europavegane, samt tryggleiken til alle som ferdast langs vegen. Vårt oppdrag er å planleggje, byggje, drifte og vedlikehalde denne kritiske infrastrukturen.
Vi utviklar regelverk og standardar som gjeld for alle vegeigarar i Noreg, og gjennom vårt arbeid med trafikantar og køyretøy, ny teknologi og digitale tenester, sørgjer vi for at både folk og næringsliv har tilgang til enkle, effektive, trygge og miljøvennlege transportmoglegheiter.
Statens vegvesen består av to forvaltningsnivå - eit direktorat og seks landsdekkande divisjonar, som saman jobbar for å gjere vegane våre betre for alle.
Noko av det viktigaste vi gjer for samfunnet og miljøet er å ta vare på det vegnettet vi allereie har. I divisjon Drift og vedlikehald har vi ansvaret for løpande heilårleg drift av riksvegane, inkludert ferje. Vi er ein digital, kompetent og profesjonell vegeigar som tek vare på og utviklar riksvegane.
Drift og vedlikehald har rundt 900 medarbeidarar over heile landet, og ei årleg omsetning på om lag 17 milliardar kroner. Les meir om divisjon Drift og vedlikehald her
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
9649aef1-6469-417a-bcb3-29ccc4d8ec10
- Sist endret
12. november 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10269908
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Statens vegvesen
Sted
Bergen, Moss
Dataingeniør DoV
Arbeidsgiver
Statens vegvesen
Sted
Drammen, Oslo, Bergen, Trondheim
Testutviklere
Arbeidsgiver
Statens vegvesen
Sted
Drammen, Moss, Bergen, Trondheim