Fysioterapeut/Spesialfysioterapeut
Org. nr: - Stillingsident: 4387424151 Presentasjon av stillingen:
Vi har ledig mellombels stilling for fysioterapeut innan fagfeltet nevrologi ved Molde Sjukehus!
Nevrologisk avdeling har fylkesfunksjon og lang tradisjon for tverrfagleg samarbeid og utvikling av nevrologifaget.
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader.
Les meir om Molde og Romsdalen her
Arbeidsoppgåver
- Fysioterapeutar jobbar tett saman med med legar, sjukepleiarar, ergoterapeut, sosionom, KEF og logoped i tverrfagleg utgreiing og behandling av pasientar med nevrologisk sjukdom som hjerneslag, MS, ALS, nevropatiar, parkinson, dystoni, spastisitet, sjeldne nevro-muskulære sjukdommar, hovudverk, svimmelheit samt nakke- og rygglidingar.
- Andre arbeidsoppgåver er utgreiing av pasientar med samansette lidingar, smertetilstandar, kronisk utmatting og med funksjonelle lidingar samt oppfølging av pasientar på intensivavdeling.
- Fysioterapeutar deltek også i pasientskular knytt opp til det nevrologiske fagfeltet.
- Arbeidet gjeld både for inneliggande- og polikliniske pasientar.
- Rettleiing av fysioterapistudentar og turnusfysioterapeutar.
- Vaktordning for fysioterapeutar med vakt kvar 8./9.helg. Vaktordninga er knytt til alle dei somatiske avdelingane på sjukehuset.
Kvalifikasjonar
- Det er ønskjeleg med arbeids-erfaring/kompetanse/vidareutdanning og interesse innan nevrologi og rehabilitering.
Personlege eigenskapar
- Arbeidet inneber ei heilheitleg tilnærming, det vil difor vere fint med gode samarbeidsevne.
- Samarbeid i nevrologisk avdeling og ut til kommunar, institusjonar og andre eksterne samarbeidspartar vil vere ein viktig del av kvardagen.
- Arbeidet vil kreve fleksibilitet, god omstilling- og samarbeidsevne i ein variert kvardag
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
- I løpet av få år flyttar vi inn i nytt sjukehus!
Kontaktinformasjon
Marie Brune, Seksjonsleiar, marie.brune@helse-mr.no
Arbeidsstad
Molde sjukehus
6412 Molde
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.:4387424151
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.09.2021
Sluttdato: 28.02.2022
Søknadsfrist: 20.05.2021
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, men har også sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Våre sjukehus finn du i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, og i tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Vi legg til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Uansett kva stilling du søkjer, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og di kompetanse på ein stad kor det verkeleg tel. Bli med på laget!
For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal