Einingsleiar helsetenester
Tysnes kommune søkjer etter rett person til nyoppretta stilling som leiar for helseeininga. Stillinga har eit overordna ansvar for drift av helseeininga i kommunen, og er ein del av leiargruppa til kommunalsjef helse og omsorg.
Til eininga helse ligg p.t. legekontor og legevakt, psykisk helse for vaksne og fysioterapi- og ergoterapitenesta. Kommunen er i gang med evaluering av dagens ordning knytt til legevakt, og organisering av verksemda, under dette også helseeininga.
Som einingsleiar vil du ha ansvar for planlegging, drift og utvikling av tenesteområda. Viktige mål framover vil vere tenesteutvikling innan gitte økonomiske rammer, samt styrking av tverrfagleg samarbeid i kommunen og samhandling med andre naturlege samarbeidspartnarar.
Arbeidsoppgåver
- Økonomi-, og personalansvar, under dette sikre god og rett utnytining av ressursane for å gje eit best mogleg tenestetilbod.
- Følgja opp planar, rutinar og prosedyrar som gjeld innan eigen sektor og kommunen sentralt.
- Utvikling av planar og utgreiing av politiske saker som høyrer til eininga.
- Samordne og effektivisere innan eigen eining, samt med samarbeidande einingar.
- Stillinga er føresett å arbeida noko operativt då primært knytt til legekontoret.
- Stillinga vil gå inn i dagleg drift ved legekontoret.
Kvalifikasjonar
- Minimum 3-årig høgskuleutdanning, fortrinnsvis innan helse.
- Leiarkompetanse og/eller leiarerfaring.
- Relevant arbeidserfaring.
- God IKT kompetanse.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne.
- Førarkort for bil.
Personlege eigenskapar
- Du må kunne tenkja heilskapleg, strategisk og langsiktig.
- Du må vera sjølvstendig, ha høg arbeidskapasitet med initiativ og evne til gjennomføring, samstundes som du har gode samhandlings- og samarbeidsevner.
- Du må ha gode kommunikasjonsevner og god relasjonskompetanse.
- Me ønskjer ein tydeleg, ryddig leiar, som har ein inkluderande og mestringsorientert stil.
Me tilbyr
- Varierte og sjølvstendige arbeidsoppgåver.
- Trivelege kollegaer i eit godt arbeidsmiljø.
- God pensjons- og forsikringsordning i KLP.
- Løn etter avtal.
Kontaktinformasjon
Kristine Trane, Kommunalsjef helse og omsorg, 900 41 561Arbeidssted
Uggdalsvegen 3015685 Uggdal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Tysnes kommuneReferansenr.:4589375931
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.12.2022
Om bedriften
Draumen om livet på landet finn du på Tysnes!
Tysnes er ein sentralt plassert øykommune sør for Bergen. Her finn du dei same tilboda som i andre omkringliggjande sentra utanfor Bergen. Om du spør oss: Verdas beste kommune å veksa opp i!
Når me tel med store og små, er me i dag omlag 2900 godlyndte innbyggjarar i Tysnes. Kommunen er landfast med bru over Lukksund og har elles gode ferjeforbindingar mot nord og sør.
Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Me er oppteken av å skape gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å bu.