Helsefagarbeidar - 65% fast stilling
Stillingsinformasjon
Meland heimeteneste har ledig 65% fast stilling for helsefagarbeidar.
Stillinga gjeld tenesteyting til brukarar med nedsett funksjonsevne som bur i sine eigne leiligheiter i eit privat eigd burettslag.
Turnus med kveldsvakter, men doble vakter kvar fjerde helg.
Kvalifikasjonskrav
Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar.
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar, og arbeidserfaring med mennesker med nedsett funksjonsevne.
Vi tilbyr
Godt arbeidsmiljø - gode kollegaer.
Mange utfordrande og fagleg stimulerande oppgåver.
Løn etter gjeldande tariffavtale.
God pensjonsordning.
Søknad skal sendast
Søknad skal sendast via vårt elektroniske søknadssystem.
Rettkjende kopiar av vitnemål og attestar skal takast med ved eventuelt intervju.
Generell informasjon
Godkjend politiattest som ikkje er eldre enn tre månader må framvisast ved tilsetting og seinast før arbeidstakar byrjar i stillinga.
Om bedriften
Meland kommune er ein del av Nordhordlandsregionen og nabokommune til Bergen. Kommunen opplever sterk folkevekst og har eit innbyggjartal på ca. 8.000. Det er god kollektivtransport til/frå Bergen med hurtigbåt eller ekspressbuss, og reisetida frå Bergen til kommunesenteret Frekhaug er under 1/2 time.For å løyse og utvikle alle dei ulike oppgåvene kommune er tillagt treng vi engasjerte og kompetente medarbeidarar - som vil oppleve at arbeidsoppgåvene og bidraget deira er meiningsfylt og del av eit viktig samfunnsoppdrag. Meland kommune har ei verdimessig forankring som kjem til uttrykk gjennom visjonen vår "Eit samfunn for alle".