Ferievikar
Org. nr: - Stillingsident: 4460786978 Presentasjon av stillingen:
Vi søker etter ferievikarar for sommaren 2022 i tilrettelagde bustader innan generell psykiatri, rusrehabilitering, autismespekterfungering, miljøterapeutisk team, og psykisk helse team. I bustadene og miljøterapeutisk team jobbar ein turnus, i psykisk helse team er det dagarbeid som blir utført.
For informasjon om det ulike tiltaket for verksemda, sjå heimesida til kommunen, Helse og omsorg, Psykisk helse og rusteneste
Arbeidsoppgåver
- Målretta miljøarbeid, praktisk bistand , aktivitet og omsorg
Kvalifikasjonar
- Sykepleiarar, fagarbeidarar, miljøterapeutar,miljøarbeidarar og assistentar.
- Vi ynskjer også å komme i kontakt med deg som er under utdanning. Har du ingen erfaring frå slikt arbeid så kan vi gi deg god opplæring.
Personlege eigenskapar
- Du må vere ein medarbeidar som kan stille deg bak vårt verdigrunnlag open, engasjert, modig
- Du må vere personleg eigna til den jobben du skal gjere
- Du må kunne jobbe både sjølvstendig og i team
- Du bør vere over 20 år
- Du må ha sertifikat
Vi tilbyr
- Løn etter gjeldande tariff
- Spanande og meiningsfylt arbeid innen våre teneste psykisk helse og rus
- Varierte arbeidsoppgåve i ein innhaldsrik arbeidskvardag
- Studentar med helse- og sosialfagleg utdanning som har avslutta 4. semester blir tilsett som assistent men løna som fagarbeidar.
- Ferdig utdanna sjukepleiarar og vernepleiarar kan få ein bonus på kr 10 000,-. Kriteria er at ein etter avtale med leiar må arbeide til saman 6 veker sommarvikar i 100 % stilling i perioden veke 25 -- 34 i 2021. Opplæringsvakter kjem i tillegg. Gjeld sjukepleiar- og vernepleiarstillingar i aktiv pleie innan kommunalområde Helse og omsorg og Velferd og sysselsetting. Bonusordninga gjeld for reelt utført arbeid, i praksis betyr dette at bonusen vert avkorta eller fell vekk ved sjukefråvær eller anna fråvær. Dei som ønskjer slik bonusordning må opplyse om det i søknaden.
Kontaktinformasjon
Regina Steinberger, Verksemdsleiar, 92652438
Beate Louise Eiken, Ass. verksemdsleiar, 46967175
Therese Giske Søvik, Avdelingsleiar Habilitering /ASF, 46946092
Janne Slagnes Aasetrand, Avdelingsleiar psyk.boliger, 94795942
Anne-Marie Aasen, Avdelingsleiar rus sentrum, 97596206
Arbeidsstad
Fjellgata 49
6003 Ålesund
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Ålesund kommune
Referansenr.:4460786978
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Om bedriften
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 67.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 5.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.