Vikariat Koordinator tverrfagleg arbeid
Org. nr: - Stillingsident: 4191397112 Presentasjon av stillingen:
I tenesteområdet oppvekst er det ledig vikariat som koordinator for tverrfagleg arbeid frå 01.05.20 til 31.07.21.
Koordinator skal jobbe aktivt og være pådrivar for det førebyggande arbeidet i Time kommune. Førebygging skal være ein integrert del av Time kommune sitt samla tidlig innsats og tverrfaglege arbeid til det beste for barn og unge. Målet er at kommunens barn og unge skal få riktig hjelp, til riktig tid. Dette av eit hjelpeapparat som set barnets beste høgt og samarbeider godt på tvers av tenesteområder og faggrupper. Ansvar for Samordning av Lokale kriminalitetsførebyggande Tiltak (SLT) er tillagt denne stillinga.
Koordinator for tverrfagleg arbeid er for tida underlagt kommunalsjef oppvekst og er ein del av teamet i fagstab oppvekst.
Arbeidsoppgåver
Koordinator skal vere med å identifisere utfordringar, vere en operativ ressurs og sikre tverrfagleg samarbeid som gjer kortare veg mellom oppdaging av behov og iverksetjing av tiltak.
- Samarbeide tett og profesjonelt med alle aktørar rundt barn og unge
- Tilgjengeleg for operativt arbeid der det trengs
- Organisere og drifta prosjekt og anna utviklingsarbeid
- Medverke til å spreie kompetanse om førebyggande arbeid
- Ansvar for oppfølging av kommunens Ungdata-arbeid
- Administrativ saksbehandling
Med utgangspunkt i varierande behov kan nye eller endra oppgåver bli tillagt stillinga. Den som vert tilsett må kunne disponere eigen bil og må rekna med noko arbeid på kveldstid. Det er krav om å leggje fram gyldig politiattest
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning på minimum bachelor nivå eller tilsvarande
- Erfaring frå tverrfaglig samarbeid og frå arbeid med barn og unge
- Erfaring og kunnskap om førebygging og tiltaksarbeid på primær, sekundær og tertiær nivå.
Personlege eigenskapar
- Evne til å jobbe sjølvstendig og målretta
- God relasjonskompetanse og gode samarbeidsevne
- Fleksibel, initiativrik og løysningsorientert
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
Me tilbyr
- Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit kompetent faglig miljø
- Fleksibel arbeidstid
- Arbeidssted sentralt på Bryne
- Gode pensjons- og forsikringsvilkår. Lønn etter avtale
Kontaktinformasjon
Eskil Nygaard, Kommunalsjef, 90583484
Arbeidssted
Arne Garborgs veg 30
4340 Bryne
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Time Kommune
Referansenr.:4191397112
Stillingsprosent: 100%
Søknadsfrist: 19.04.2020
Om bedriften
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune.
Me bruker innovasjon for å utvikla og forbetra tenestene i lag med brukarane. Time kommune skal vera ein trygg og framtidsretta kommune for innbyggjarar, besøkjande og næringsliv. Time kommune har ca 18.500 innbyggjarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og haldeplass for Jærbanen.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar difor alle som er kvalifiserte til å søkja hos oss; uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet.
Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli untatt offentlegheit. Søkjar vil bli varsla før offentleggjering.