Sjukepleiar/vernepleiar 100% fast stilling
Org.nr.:964968330 Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Heimetenesta gruppe Askvoll/Omsorg 1 har frå 01.09.21 ledig 100% fast stilling som sjukepleiar/vernepleiar
Arbeidsoppgåver:
- Er medansvarleg for at den totale sjukepleietenesta vert utøvd i tråd med Askvoll kommune og etaten sine visjonar og mål
- Etaten nyttar Acos CosDoc som dokumentasjonsverkty, og naudsynt opplæring vil bli gjeve
- Arbeid etter 35,5 t/veke og kvar 3. helg
Kvalifikasjonar:
- Offentleg godkjend utdanning som sjukepleiar/vernepleiar
- Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar, kan andre med relevant helsefagleg utdanning verte mellombels tilsett
- Den som blir tilsett må ha sertifikat
- Dersom ein blir tilsett må ein kunne legge fram godkjend politiattest, ikkje eldre enn 3 månader
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar:
- Du må kunne vise omsorg og bry deg om andre menneske, og du må vise hensyn og respekt.
- Du må både kunne arbeide sjølvstendig og saman med andre yrkesgrupper og med pårørande
- Personlege eigenskapar og fleksibilitet vert vektlagd ved tilsetjing
Vi tilbyr:
- Kr 20 000,- meir enn minsteløn KS
- Pensjonsordning i KLP
- Fyttegodtgjerdsle, jf. personalhandbok for Askvoll kommune
Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Lillian Vårdal, Tlf: +47 57734508, Epost: lillian.vardal@askvoll.kommune.no
Om bedriften
Askvoll kommune ligg på kysten av Vestland fylkeskommune, med variert natur frå kyst til fjell. Kommunen har over 3000 innbyggjarar. Det er snøggbåtsamband med Bergen og Florø, bussamband til Førde og Dale, og ein time med bil til Førde. Kommunen er rik på naturopplevingar både på land og sjø, og har eit levande lokalsamfunn med engasjerte menneske.