Pedagogisk leiar - Molvær barnehage
Molvær barnehage har ledig 20 % fast stilling som pedagogisk leiar.
Molvær barnehage ligg idyllisk til i Geilneset i Langevåg. Vi har fjøra og sjøen som næraste nabo. Barnehagen har eit rikt og spennande uteområde, og vi er aktive brukarar av nærmiljøet.
Arbeidsoppgåver
- Leie det pedagogiske og administrative arbeidet på både små- og storbarnsavdeling.
- Arbeide i tråd med barnehagen sin visjon og verdiar.
- Arbeide i tråd med Rammeplanen for barnehage, årsplan og barnehagen sine satsingsområder.
- Gi ditt bidrag for at vi saman er fagleg oppdatert og dyktige.
- Vere ein god samarbeidspartner for personal, foreldre og eksterne samarbeidspartnarar.
Kvalifikasjonar
- Godkjent førskule/barnehagelærarutdanning eller anna relevant høgskuleutdanning.
- God norskkunnskap, munnleg og skriftleg.
- Kunne bruke og vise interesse for digitale verktøy i arbeidet.
- Stabilitet og tilstedeværelse vil bli vektlagt.
- Det vert teke omsyn til samansetninga i personalgruppa.
- Attestar og vitnemål skal leverast ved eit evt. intervju.
- Politiattest av nyare dato må framleggast ved tilsetting.
Personlege Eigenskapar
- Vere fleksibel og løysingsorintert.
- Ta positivt medansvar for eigen og andre sin trivsel, og like å arbeide i team.
- Like å vere mykje ute og vere glad i friluftsaktivitetar.
- Vere ein aktiv deltakar i leik og læring saman med barn og voksne.
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Faglege og personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- Å arbeide tett i lag som personale med fokus på kvalitet, endring og utvikling.
- Spanande samarbidsklima i Sula kommune med mellom anna fokus på Læringsreisa til barna, og 3 årig utviklingsarbeid "To Fram".
- Godt arbeidsmiljø med høg trivsel.
- Løn etter gjeldande tariff. Frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning.
- Gode forsikringsvilkår.
Kontaktinformasjon
Anne Kari Vadset, Styar, 70197923/41468780, anne.kari.vadset@sula.kommune.no
Arbeidsstad
Langevåg
Nøkkelinformasjon:
Annonsør:Sula kommune
Ref. nr.:4027187065
Fast
Startdato: 01.08.2019
Tal på stillingar: 1
Søknadsfrist: 03.03.2019
https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=4027187065&company_id=3062007726&culture_id=NN-NO
For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]
Om bedriften
.