Linjelærar Friluftsliv Kyst & fjell
Vi søkjer etter lærar i 70% stilling til den nye linja vår Friluftsliv Kyst & fjell frå 1. august 2021.
Friluftsliv Kyst og fjell er for elevar som ønskjer aktivitet og naturopplevingar, med havet, fjella, breen og skogen som klasserom. Skulen har to friluftslivlinjer, der Vill vest er litt "tøffare" enn Kyst & fjell. Bømlo er basecamp for begge, og tusen øyar og Vestlandet sin finaste skjergard er utgangspunktet for spennande og variert friluftsliv.
Vi ønskjer søkjarar med følgjande kvalifikasjonar:
- Høgskule/universitetsutdanning i friluftsliv
- Instruktørkompetanse i klatring og kajakk
- Erfaring med arbeid med ungdom i varierte naturtypar, men særleg kyst og fjell
Du må ha gode samarbeidsevner, vere strukturert og ha evne til å koordinere ulike aktivitetar. Ein del av jobben går ut på å planleggje prosjekt og turar, gjerne i samarbeid med eksterne aktørar. Du må også ha stort fokus på tryggleik.
Til stillinga ligg også sosialpedagogisk arbeid (tilsynsordning).
For meir informasjon viser vi til https://bomlo.fhs.no/linjer/friluftsliv-kystfjell/
Om bedriften
Bømlo Folkehøgskule er ein frilynt folkehøgskule som ligg på øya Bømlo i Sunnhordland. Skulen har ein kapasitet på rundt 100 elevar og har elevar frå heile landet.