Spesialpedagog el. tilsvarande
Barnehageavdelinga ved Eivindvik barnehage og skule er lokalisert like ved skulen, i eige, nytt, barnehagebygg. Sjå www.eivindvik.skule.no for årsplanar, bilete og meir informasjon.
Gulen kommune har ledig inntil 100% fast stilling som spesialpedagog eller tilsvarande frå 15.08.19. Stillinga er for tida knytt til barnehageavdelinga ved Eivindvik barnehage og skule.
Barnehagane i Gulen har:
- Fokus på fagleg utvikling i barnehagane, der idear og innspel frå både nyutdanna og erfarne medarbeidarar vert sett på som viktige ressursar.
- Relativt små barnehagar - ein ideell arbeidsstad for nyutdanna pedagogar
- Godt arbeidsmiljø
- Tilbod om rettleiing
- Godt nettverksamarbeid mellom pedagogane i dei ulike barnehagane i kommunen
Arbeidsoppgåver for spesialpedagog:
- Ansvar for det pedagogiske opplegget for enkeltborn
- Planlegge, setje i verk, gjennomføre, dokumentere og evaluere det pedagogiske arbeidet i tråd med individuell plan
- Samarbeid med føresette og andre samarbeidspartnarar
- Bidra til rettleiing og opplæring på avdelinga
- Delta i den daglege drifta elles
Kvalifikasjonar:
- Utdanning som spesialpedagog eller tilsvarande. Søkjarar utan godkjent utdanning kan verte vurdert for mellombels stilling dersom vi ikkje får kvalifiserte søkjarar.
- Gode norskkunnskapar - både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar:
- Trivst, kommuniserer og samhandlar godt med borna, føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnarar.
- Kan bidra til eit godt og stabilt arbeidsmiljø for både born og vaksne
- Er strukturert, fleksibel og har gode samarbeidsevner
- Denne stillinga stillinger store krav til å vere ein stabil vaksen for borna ein har ansvar for
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna:
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
Vi tilbyr:
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Hjelp med å skaffe bustad
Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Ann Norunn Leknes, Tlf: 57781736, Epost: ann.norunn.leknes@gulen.kommune.no
Om bedriften
Gulen kommune ligg på sørsida av Sognefjorden, heilt ut mot havet. Innbyggjartalet er ca. 2 300. Kommunen har ca. 400 tilsette, som arbeider etter visjonen "samarbeid for utvikling"!