Prosjektrådgjevar
Org. nr: 943762236 Stillingsident: 4408671276 Presentasjon av stillingen:
I året som kjem vil Human-Etisk Forbund ha eit særskilt fokus på Sogn og Fjordane. Om du ønskjer å medverke til auka vekst gjennom rekruttering av nye medlemmer, då er dette stillinga for deg. Vi ser etter nokon med erfaring frå frivillig arbeid, organisasjonsbygging og utovervende medlemstilbod. Du må like å gjere undersøkingar, lage strategiplanar og setje i verk målretta tiltak. I tillegg må du vere oppteken av plassen humanismen har i samfunnet.
Human-Etisk Forbund (HEF) søkjer ein prosjektrådgjevar til eit eittårig prosjekt i Sogn og Fjordane. Vi ser etter deg som kan vere med på å skape vekst i lokallaga våre og som kan identifisere og gjere nytte av dei moglegheitene som finst i regionen.
Målet for prosjektet er å gjere det lettare å ta imot nye medlemmer, rekruttere fleire frivillige og tillitsvalde, og gjere det enklare å delta aktivt i Human-Etisk Forbund sitt arbeid i Sogn og Fjordane. Denne stillinga er lagt til avdeling Vest. Avdelinga har med denne stillinga totalt åtte tilsette inkludert leiar, og har kontor i Bergen og Stavanger. Denne stillinga vil få kontorplass i Sogn og Fjordane. Det er ønskjeleg med tilsetjing snarast råd.
Arbeidsoppgåver
Prosjektansvar for vekst- og rekrutteringsprosjekt
Utvikle tiltaksplan i samråd med tillitsvalde i Sogn og Fjordane
Utarbeide og setje i verk frivilligstrategi i samarbeid med lokallag, tillitsvalde og medlemmer
Utovervend aktivitet i samarbeid med tillitsvalde
Kvalifikasjonar
Erfaring med organisasjonsarbeid frå frivillige organisasjonar
God kjennskap til Human-Etisk Forbund sin organisasjon og ideologi
God kjennskap til Sogn og Fjordane
God skriftleg og munnleg språkføring
Erfaring med prosjektleiing
God kjennskap til bruk av IKT-verktøy
Nynorsk som hovudmål
Førarkort (disponere eigen bil)
Personlege eigenskapar
Kunne jobbe sjølvstendig
Gode samarbeidsferdigheiter
Fleksibilitet
Sjølvgåande og initiativrik
Kreativ og omgjengeleg
Samfunnsengasjert
Strukturert
Vi tilbyr
Ei spennande stilling med både sjølvstendig arbeid og samarbeid med tillitsvalde og medlemmer. Den vi søkjer får ein unik sjanse til å jobbe med frivilligheit og organisasjonsarbeid, og vil få høve til å setje sitt eige preg på stillinga. Den offisielle tittelen på stillinga vil vere "Organisasjonsrådgjevar" og ligg under avdeling Vest.
Stillinga er lønsinnplassert i intern ramme avhengig av utdanning og erfaring. Vi har gode forsikrings- og pensjonsordningar, bedriftslegeordning og støtte til trening. Vi arrangerer òg årlege samlingar for tilsette med både fagleg og sosialt innhald. Ein må rekne med noko reising og arbeid på kveld eller i helg.
Human-Etisk Forbund er ein livssynsorganisasjon. Denne stillinga er nært knytt til formålet, og søkjarar må kunne identifisere seg med det humanistiske livssyn og vil få spørsmål om dette i eit eventuelt intervju.
Human-Etisk Forbund nyttar elektronisk søknadsprosess. Det vil seie at berre søknadar sendt via vårt elektroniske søknadssystem blir sett på. Søkjarar på stillinga vil måtte oppgje referansar som del av prosessen.
Kontaktinformasjon
Siw-Anita Lien, Regionleiar avdeling Vest, 944 95 004
Anja Henie-Dragland, Seniorrådgjevar HR, 993 66 380
Arbeidssted
6800
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Human-Etisk Forbund
Referansenr.:4408671276
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Søknadsfrist: 29.08.2021
Om bedriften
Forbundet har over 100. 000 medlemmer og veks stadig. Human-Etisk Forbund er den største humanistorganisasjonen i verda og del av ei internasjonal humanistrørsle. Hovudkontoret ligg i Brugata i Oslo. Av forbundets ca. 90 medarbeidarar har omtrent halvparten sin arbeidsplass ved våre 14 avdelingskontor rundt i landet. Vi betener stadig fleire folk og har ca. 100 regionlag spreidd over heile landet