Butikkseljar
Vi i Sport Dale søkjer ein superseljar som trivst med å arbeide mot vårt felles mål: Gje alle kundar ei positiv handleoppleving, og vere stolte av å tilby produkt av høg kvalitet.
Du som tilsett er imøtekommande av natur, er sosial og har ei stor interesse for sport og sportsutstyr. Stillinga krev at du er ansvarsfull og samarbeidsvillig, samt at du har vilje til å lære. Varigheit: Fast stilling 80 -100 %
Dine sentrale oppgåver:
- Du sørger for at kundane får ei positiv handleoppleving, samt god fagleg rettleiing
- Kassearbeid
- Varepåfylling
- Butikkrutinar og anna førefallande butikkarbeid
- Fokus på tekstil avdeling
Dine kvalifikasjonar:
- Er utadvendt og positiv
- Strukturert og ryddig
- Ser moglegheiter
- Er sjølvstendig og ansvarsfull, men samstundes samarbeidsvillig
Vi tilbyr deg:
- Godt arbeidsmiljø
- Varierte arbeidsoppgåver
- Trygg arbeidsplass
- Løn etter avtale og god pensjonsordning
Om bedriften
Sport Dale AS er ein del av Stadion. Medan dei andre sportskjedene satsar på uniformerte butikkar med like varer, dyrkar vi individualisme og variasjon. Sport og friluftsliv handlar om fritid, glede og prestasjon. Kundeservice og kvalitet er i førarsetet, og vi i Sport Dale er stolte av jobben vi gjer.