Rektor Rogne skule
Stillingsannonsen er inaktiv.Øystre Slidre kommune
Solhauglie 6, 2943 Rogne
Org. nr: 961382068 Stillingsident: 4383642070 Presentasjon av stillingen:
Rogne skule er ein barneskule med om lag 140 elevar. Skulekrinsen ligg sør i Øystre Slidre. På skulen er det om lag 25 tilsette med brei kompetanse. Dei tilsette jobbar godt i lag for å løyse skulen sitt oppdrag. Blant dei 25 har vi lærarar med ulik fagkrets, miljørettleierar og barne- og ungdomsarbeidarar.
Elevane sine behov, både som gruppe og enkeltvis, pregar arbeidet og satsingsområda til skulen. Det er ein kultur prega av fellesskap og eit ynskje om å gjere kvarandre gode.
Det er to teamleierar ved skulen, som er gode støttespelarar til både dagleg drift og i utviklingsarbeidet.
Rogne skule var ny i 2010. Skulebygget, samt eit stort og variert uteområde, innbyr til aktivitet og varierte undervisningsmetodar. Dette gir gode rammer for skulekvardagen til elevane våre til alle årstider.
Arbeidsoppgåver
Som rektor har du eit totalansvar for drifta av skulen, med skulens samfunnsoppdrag som ei tydeleg rettesnor. Skulane har god tradisjon for utviklingsarbeid, og i samarbeid med Høgskulen i Innlandet og dei andre skulane i Valdres er det no eit tydeleg fokus på fagfornying. Som rektor leier du utviklingsarbeidet.
Grunnskulane i Øystre Slidre kommune er organiserte som sjølvstendige einingar med økonomi- og personalansvar. Stabsavdelinga og økonomiavdelinga bistår rektorane på områda løn, personalsaker, økonomi og skuleskyss.
Du er med i det regionale samarbeidet mellom skulane i Valdres.
Rektor ved Rogne skule har 100 % leiingsressurs.
Kvalifikasjonar
- Det er krav om godkjent lærarutdanning.
- Personleg eignaheit vil bli vektlagd
- Ved tilsetting må du levere politiattest etter opplæringslova § 10-9
Personlege eigenskapar
Vi ynskjer ein engasjert leiar, som vil arbeide for å bringe skulen vidare i godt samarbeid med kollegiet. Vi ynskjer derfor ein rektor som:
- Har ein leiarstil prega av openheit, involvering og gjennomføringsevne
- Har overblikk, opprettheld fellesskapet og ein felles kurs for skulen
- Er tett på i skulekvardagen og er engasjert i skulen som ein del av nærmiljøet
- Har god pedagogisk teft, er kunnskapsrik samstundes som du har evne til å lytte og sjå styrkane i ditt eige personale
- Er audmjuk overfor elevar, føresette og tilsette
- Er profesjonell, robust og trygg
- Er engasjert og løysingsorientert
- Har god kommunikasjonsevne både munnleg og skriftleg (gjerne både bokmål og nynorsk)
- Har gode samarbeidsevner
- Har elevens beste i fokus
Vi tilbyr
- Spennande jobb i eit fagmiljø med høg kompetanse
- Leiarnettverk
- Løn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Kommunen har reglement for flyttegodtgjersle
- Tilbod om rektorutdanning
- Eit godt arbeidsmiljø med framoverlente kollegaer
Andre opplysningar
Det vert gjort merksam på at namnet på ein søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om at namnet blir unnteke offentleg søkjarliste. Ev. ynskje om å bli unnteke offentleg søkjarliste må grunngjevast i søknaden, jf. offentleglova § 25, andre ledd. Søkjaren vert varsla dersom ynskjet ikkje kan takast til følgje.
Kontaktinformasjon
Kjersti Hedalen Heggset, Rektor, 917 23 553, kjersti.hedalen-heggset@oystre-slidre.kommune.no
Arbeidsstad
Solhauglie 6
2943 Rogne
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Øystre Slidre kommune
Referansenr.:4383642070
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.05.2021
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Øystre Slidre kommune
Adresse
Solhauglie 6, 2943 Rogne
Kan du tenkje deg ein spanande og utfordrande jobb i kombinasjon med: ein natur som inviterer til topp-tur i Jotunheimen ? Sti- og terrengsykling? Klatring? Lang skisesong? Milevis med skiløyper? Uendeleg med stiar og rike moglegheiter for jakt og fiske?
Dette finn du særleg rett utforbi døra på Beitostølen , men også i resten av kommunen.
Øystre Slidre er ein kommune med vekst i folketalet og med mange spanande arbeidsplassar. Kommunen har full barnehagedekning, god skule og eit aktivt og variert kulturliv. Nytt helsetun vart teke i bruk i 2021. Gode handelstilbod finn ein både i kommunen og rundt regionsenteret Fagernes.
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 24. mai 2021
Hentet fra: webcruiter
Referanse: 4383642070_Øystre Slidre kommune_webcruiter
Stillingsnummer: 9370c3e3-415c-4d98-b60d-b0e1975a3d97