Helsefagarbeider ved Breim heimeteneste
Org. nr: - Stillingsident: 4051316251 Presentasjon av stillingen:
Vi har ledig 50% fast stilling for helsefagarbeidar ved Breim heimeteneste. Stillinga er ledig frå 1.juni 2019.
Vi tek forbehold om at interne søkjarar kan ha fortrinnsrett til stillinga.
Arbeidsoppgåver
Den tilsette gjev omsorg og pleie til brukarar i omsorgsbustader og heimane, samhandlar med brukar, pårørande og kollegaer og utfører sjølvstendige og delegerte oppgåver i eit arbeidsfellesskap. Vår nye medarbeidar tek ansvar for eiga fagleg og personleg utvikling.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer etter ein medarbeidar med godkjent utdanning som helsefagarbeidar. Det er ynskjeleg med praksis frå andre delar av helsetenesta som heildøgns pleie og omsorg, og sjukehus. Den som blir tilsett må ha førarkort for personbil.
Personlege eigenskapar
Vår nye medarbeidar må vere ansvarsbevisst, ha evne til samarbeid og kunne jobbe både sjølvstendig og i eit arbeidsfelleskap. Det vert lagt vekt på at medarbeidar er endringsdyktig, fleksibel og har ei reflektert holdning i praksis.
Vi tilbyr
Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale. For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månader. Det må leverast politiattest før tiltreding.
Stillinga er organisert i årsturnus.
Vi gjer merksam på at etter offentleglova §25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unntak må grunngjevast. Alle søkjarar til ledig stilling i Gloppen kommune må registrere CV og sende søknad elektronisk.
Kontaktinformasjon
Elsa Hjorteset, Einingsleiar, 947 90 621
Arbeidsstad
Grandavegen 9
6823 Sandane
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Gloppen kommune
Referansenummer:4051316251
Stillingsprosent: 50%
Startdato: 01.06.2019
Søknadsfrist: 20.04.2019
Om bedriften
Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sitt felles bu- og arbeidsmarknad på 40 ¿ 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
Gloppen har full barnehagedekning og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Her er eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og Gloppen vart i 2011 kåra til årets kulturkommune.