Ferievikarar 2020 Bu-og aktivitetstenesta
Org.nr.:964981892 Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Kort om stillingane
Vi treng vikarar i perioden 22.06.20 - 16.08.20, dvs frå og med veke 26 til og med veke 33.
Det er viktig at du oppgjev i søknaden når du kan arbeide og om du sjølv skal ha ferie i løpet av perioden.
Ferievikarar som kan arbeide i heile perioden vil bli prioritert.
Faste tilsette i Surnadal kommune som har deltidsstilling treng ikkje søkje på ferievikariat, men kan ta kontakt direkte med einingsleiar.
Kvalifikasjonar, utdanning
Vi treng vernepleiarar og vernepleiestudentar, sjukepleiarar og sjukepleiestudentar, helsefagarbeidarar, hjelpepleiarar, omsorgsarbeidarar og assistentar.
For å vere aktuell som søkjar må du fylle 18 år i løpet av 2020. For ein del arbeidsoppgåver er det eit krav at du må vere fylt 18 år for å kunne utføre dei.
Du må kunne kommunisere godt på norsk og ha god skriftleg framstillingsevne. Førarkort kl.B er nødvendig.
Tilsettingsvilkår
Tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, skal leggast fram før oppstart.
Vi ønskjer oss ferievikarar som:
-
har gode samarbeidsevner og er rause og inkluderande
-
har evne til å arbeide sjølvstendig
-
har god arbeidskapasitet
Vil tilbyr:
-
opplæring og rettleeing
-
ordinære kommunale tilsettingsvilkår og lønn etter tariff
-
godt arbeidsmiljø og trivelege kollegaer
Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Nina Bjørnstad, Mobil +47 99585299, Epost: nina.bjornstad@surnadal.kommune.no
Om bedriften
Bu- og aktivitetstenesta gjev tilbod om m.a. praktisk bistand og opplæring til menneske med utviklingshemming og andre med særskilte hjelpebehov.
Vidare gir vi tilbod om avlasting til personar og familiar som har særleg tyngande omsorgsoppgåver.
Målet er å bidra med hjelp og rådgjeving slik at den enkelte opplever tryggleik og best mogleg livskvalitet.