Barne- og ungdomsarbeidar/ assistent - Tuv barnehage
Vi har ledig 20 % fast stilling som barne- og ungdomsarbidar/ assistent ved Tuv barnehage.
Oppstart 01.08.19.
Vi søkjer etter deg som:
- både kan jobbe sjølvstendig og i samarbeid med andre
- har evne til å inspirere og vise omsorg
- vil arbeide med fokus på ressursen i barnet og gode relasjonar
- vil vere med å skape eit godt sosialt miljø
- er nysgjerrig, skapande og tar ansvar
- er tydeleg
- har engasjement
- har godt humør
- liker å vere ute i all slags vær
Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar. Menn vert oppmoda til å søkje. Vi legg vekt på å vere ein lærande organisasjon, der tilsette kan delta i rettleiande team og må m.a. vere løysingsorienterte og reflekterte.
Generell informasjon:
- Søkjarlister er offentlege
- Søknader skal registrerast elektronisk på vår webside.
- Vitnemål og attester som ikkje er lasta opp elektronisk, vil ikkje bli returnert
- Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
- Medlemskap i Kommunal landspensjonskasse (KLP)/Statens pensjonskasse
- Krav om politiattest jf barnehage- og opplæringslova for oppvekstsentra
- Vi oppmodar til likestilling og rekruttering av arbeidstakarar med ulik bakgrunn jf HA § 7
Elektronisk søknadsprosess:
Ved elektronisk søknad vil det automatisk bli generert ein CV utifrå opplysningane som blir lagt inn. Vitnemål og attestar
kan lastas opp og blir da ein del av den elektroniske søknaden. Referansar vil bli innhenta. Ta kontakt med
postmottak@hemsedal.kommune.no ved utfordringar i søknadsprosessen.
Vi ser fram til å ta imot din søknad og ønskjer deg velkommen som søkjar her hos oss i Hemsedal kommune.
Om bedriften
Hemsedal kommune er ei fjellbygd i Hallingdalsregionen, med omlag 2500 innbyggjarar. Kommunen er møtet mellom aust og vest med 9 mil til Lærdal og Sognefjorden, 3 mil til Gol, Bergensbanen og Riksveg 7. Kommunen har auke i folketalet og ei spennande reiselivsutvikling parallelt med eit livskraftig landbruk og eit rikt og mangfaldig kulturliv. Alpinsenteret er vel kjend samstundes som uberørte naturområde er kjelde til glede, både sommar som vinter; på ski, med fiskestong eller jaktutstyr, på sykkel eller til fots.