Distriktssjef Sivilforsvaret Troms
Org. nr: - Stillingsident: 4284814290 Presentasjon av stillingen:
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) søkjer distriktssjef for Sivilforsvaret i Troms, lokalisert i Tromsø. Vi ser etter deg som vil vere med og forme framtidas Sivilforsvar og vere ein del av eit viktig samfunnsoppdrag. Som distriktssjef vil du vere operativ leiar for sivilforsvarsstyrken i distriktet, og ha nært samarbeide med nød- og beredskapsetatar.
I DSB jobbar vi etter dei statlege måla om å fornye, forbetre og forenkle. Verdigrunnlaget vårt er å vere tillitsskapande og kompetente lagspelarar, og du må kjenne deg igjen i dette.
Vi ser etter deg som er endrings- og utviklingsorientert og vil vere ei tydeleg stemme innan beredskapsarbeidet.
Arbeidsoppgåver
- leie og utvikle distriktet i tråd med overordna mål, strategiar og verdigrunnlag for DSB
- operativ og administrativ leiar for dei tilsette og tenestepliktige i distriktet
- initiere og følgje opp samarbeid med andre beredskaps- og samarbeidspartnarar regionalt
- vere ein aktiv bidragsytar i Sjef Sivilforsvaret si leiargruppe
- inspirere, motivere og leie kompetente medarbeidarar
- leie og delta i utgreiings- og utviklingsarbeid
- inngå i beredskapsvakt i distriktet
Kvalifikasjonar
Det er krav om:
- relevant bachelorgrad
- leiarerfaring frå relevant verksemd og nivå
- erfaring frå totalforsvarsarbeid
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
- stillinga krev at den som blir tilsett må vere tryggingsklarert før vedkomande byrjar i stillinga
Det er ønskjeleg med:
- erfaring og forståing frå nasjonalt nivå innan samfunnstryggleiksarbeid
- erfaring med leiing frå operativ verksemd
- erfaring med å leie og representere i regionale fora
Personlege eigenskapar
- du er trygg i leiarrolla og har god evne til sjølvleiing
- evne til å inspirere, motivere og leie kompetente medarbeidarar
- operativ forståing, handlekraft og gjennomføringsevne
- evne til å skape oppslutning om felles mål, og skape kultur for endring og utvikling
- utprega gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Vi tilbyr
- sjølvstendig stilling med utfordrande oppgåver innanfor beredskap og samvirke
- høve for stor grad av påverknad regionalt og nasjonalt
- gode høve for både personleg og fagleg utvikling
- løn som distriktssjef (stillingskode 1482). Årsløn frå 741 300,- til 837 200,- (ltr 77-81). For særleg kvalifiserte søkjarar kan ein vurdere høgare lønn. Av løna trekkast 2 % lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.
Om DSB, Sivilforsvaret og stillinga
Sivilforsvaret er underlagt DSB og er gjennom internasjonalt og nasjonalt lovverk gjeve oppdraget å verne befolkninga i fred, krise og krig. Sivilforsvaret er i omstilling for å tilpasse seg nye krav og forventingar frå Justis- og beredskapsdepartementet.
Sivilforsvaret er den sivile beredskapsressursen til staten. Oppgåvene til sivilforsvaret er å verne befolkninga ved krig, støtte ved større ulykker, naturkatastrofar og pandemiar, og varsle ved akutt fare. Sivilforsvaret har ein styrke på 8 000 tenestepliktige, fordelte på 20 distrikt. Alle tenestepliktige er fordelte på distrikta basert på kvar dei bur. Kvart distrikt har sitt distriktskontor. Distriktssjefen leiar ressursane sine operativt og administrativt.
Stillinga rapporterer direkte til Sjef Sivilforsvar. Distriktssjefen inngår i Sjef Sivilforsvaret si nasjonale leiargruppe og gjev innspel på strategisk og nasjonalt nivå om utvikling av trening, utdanning, kapasitetar og operativ evne.
Sivilforsvaret er under omstilling, og distriktssjefen må vere endringsorientert og motivert for nye arbeidsmetodar og krav til tenesta. Som ein del av omstillinga må den nye leiaren vår rekne med endring i distriktsstrukturen, både i geografi og storleik.
For å bidra i oppgåvene til Sivilforsvaret er det viktig å vere fysisk og psykisk skikka til å jobbe i ein beredskapsorganisasjon, under dette delta på øvingar og innsatsar.
Generelle opplysningar
- I DSB meiner vi at mangfald vil auke kvaliteten på leveransane gjennom å opne for større kreativitet og fleire perspektiv inn i arbeidet. Det vil gje større legitimitet og aksept, fleire ressursar å spele på når det gjeld dialog med befolkninga, og det vil skape eit meir spanande og allsidig arbeidsmiljø. Vi legg arbeidstilhøva til rette når det er behov for det. Verdigrunnlaget vårt er å vere tillitsskapande, kompetent og ein lagspelar, og du må kjenne deg igjen i dette.
- Ein må rekne med reiseverksemd nasjonalt og internasjonalt.
- For meir informasjon om Sivilforsvaret, se www.sivilforsvaret.no, eller besøk Troms sivilforsvarsdistrikt på www.facebook.com/sivilforsvaret
Kontaktinformasjon
Jørn Atle Moholdt, NK/stabssjef, 40 49 04 36, jorn.moholdt@dsb.no
Sigurd Heier, fung. sjef Sivilforsvaret, 99 23 01 00, sigurd.heier@dsb.no
Arbeidssted
Strandveien 73
9007 Tromsø
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB)
Referansenr.:4284814290
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.09.2020
Om bedriften
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) er underlagt Justis- og beredskapsdepartementet og har ei viktig rolle i å understøtte departementet sitt ansvar for å samordne det nasjonale samfunnstryggleiks- og beredskapsarbeidet. Visjonen til Direktoratet er eit trygt og robust samfunn -- der alle tek ansvar. DSB skal ha oversikt over risiko og skadefare i samfunnet. Direktoratet skal vere pådrivar i arbeidet med å førebyggje ulykker, kriser og andre uønskte hendingar, og skal sørgje for god beredskap og effektiv ulykkes- og krisehandtering. DSB har totalt i overkant av 700 tilsette, av desse er om lag 300 ved hovudkontoret i Tønsberg. www.dsb.no
I DSB jobbar vi kvar dag for å innfri verdiane våre om å vere tillitsskapande, kompetente lagspelarar. _______________________________________________________________________________________________