Avdelingsleiar - Husnes ungdomsskule
Omtale av stillinga
Husnes ungdomsskule treng frå 01.08.2020 avdelingsleiar i 100% med inntil 20% undervisning. For tida er stillinga knytt til 10.trinnet. Undervisning er retta mot utdanningsval for 10. trinn. Avdelingsleiar har ansvar for dagleg drift, personalleiing og fagleg/pedagogisk utvikling. Avdelingsleiar er dagleg leiar i si avdeling og har fullmakter til å fatte avgjerd i tråd med skulen sine planar/rutinar og leiarfilosofi.
Skulen er den største ungdomsskulen i Kvinnherad med 253 elevar og 44 tilsette inneverande skuleår.
Ungdomsskulen ligg like ved aktivitetsparken Lunden, idrettsanlegg, helsesenter, barneskule og vidaregåande skule,
og rett under Kaldestadåsen.
Like utanfor døra har skulen tilgang til bordtennisbord, sandbane, Tuftepark, kunstgrasbane og aktivitetspark. I tillegg
har vi flott utsikt til Opsangervatnet og Husnesfjella.
Visjonen for Husnes ungdomsskule er at skulen skal vera ein arena for læring og trivsel. Målet er å skapa eit
opplæringstilbod som gjer at elevane kan kome lengst mogleg utifrå sine føresetnader både fagleg og sosialt
Ansvarsområde
Medansvar for samla leiing i eininga i lag med to andre avdelingsleiarar og rektor. Vidare pedagogisk leiing for 10. trinnet. Kvalitetssikring og oppfylging av læringsarbeidet. Sikre at opplæringa føregår etter læreplanen og at alle elevar har tilfredsstillande utbytte av opplæringa. Personalansvar for 10. trinnet.
Til stillinga er det og knytt rådgjevaroppgåver - overgang til vidaregåande skule og karriererettleiing.
Elles og ansvar for dagleg drift av eininga i lag med rektor med særskilt ansvar for timeplanlegging, vikarordning, samordning mellom trinna, prøveadministrasjon og elevadministrasjon.
Kvalifikasjonar
Søkjar må ha:
- godkjent lærarutdanning
Det er ynskjeleg med søkjarar som har:
- leiarutdanning og/eller leiarerfaring.
- God evne til munnleg og skriftleg framstilling.
- God kunnskap om IKT
Personlege eigenskaper
Vi søkjer ein klok og ambisiøs leiar som :
- ser og verdset dei gode sidene hos både elevar og tilsette
- verdset framgang og utvikling, og har eit positivt elevsyn og eit breitt kunnskapssyn
- har høg arbeidskapasitet og forventar meir av seg sjølv enn av sine medarbeidarar
- har god evne til kommunikasjon, både i gode og vonde dagar
- har god systemforståing og endå betre menneskeforståing
Vi tilbyr
Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom SPK.
Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
Søknad vert å senda
Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju). Normalt vil søkjar sitt namn bli offentlegjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.
Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova § 10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
Om bedriften
Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar.Kommunen ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjærgard, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året.