Sjukepleiar
Vinje sjukeheim, langtidsavdelinga, har ledig 80% vikariat som sjukepleiar frå snarast tom 31.12.20 (stillinga kan bli fast) - ID 1779
Søknadsfrist 28.08.20
Har du lyst til å arbeida som sjukepleiar hjå oss? Me har ledig stilling på langtidsavdelinga, ved avdelinga er det 13 plassar for demente og somatisk sjukeheimsavdeling med 12 plassar.
Arbeidet er turnus over 6 veker med arbeid kvar 3.helg.
Me søkjer deg som:
- Har autorisasjon som sjukepleiar
- Har skriftleg og munnleg norskkunskap minimum B2
- Ynskjer å jobbe på ei langtidsavdeling
- Er sjølvstendig og resultatorientert person med gode evner til samarbeid og fleksibilitet
- Personlege eigenskaper vil bli vektlagt
Ved interne omrokkeringar vil det bli tilsett i desse stillingane samstundes.
I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Nærare opplysningar om stillinga ved Baiba Sheine: Baiba.Sheine@vinje.kommune.no.