Lærar Sykkylven ungdomsskule - inntil 200% vikariat
Org. nr: - Stillingsident: 4197259846 Presentasjon av stillingen:
Vi har ledig inntil 200 % vikariat/mellombels st. for lærar ved Sykkylven ungdomsskule i perioden 01.08.2020 - 31.07.2021. Det kan verte ledige stillinga utover dette. Utlysinga tek atterhald om eventuelle interne rokeringar. Menn vert oppmoda om å søkje.
Sykkylven ungdomsskule har rundt 300 elevar og 45 tilsette. På Sykkylven ungdomsskule skal alle elevar føle seg verdsett og respektert. Dei skal vere aktive deltakarar i ein skule der dei lærer å ta ansvar og oppleve mestring. Elevane skal utvikle evnene sine sjølvstendig og i samarbeid med andre.
Sykkylven ungdomsskule:
- Har eit godt og inkluderende skulemiljø med høg trivsel blant elevar og lærarar.
- Har et høgt utdanna og utviklingsorientert personale.
- Lærarane er organisert i team, der teamleiarane inngår i plangruppa som saman med leiinga legg planar for det pedagogiske arbeidet.
- MOT skule
- Har Chromebook 1:1
- Er praksisskule for studentar
Sykkylven kommune nytter elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du sender elektronisk søknad. Rettkjende kopiar av attestar og vitnemål må leggast fram ved ev. intervju eller tilsetting.
Den som vert tilsett må levere politiattest av nyare dato, jf. opplæringslova § 10-9.
Arbeidsoppgåver
Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver ved ein skule i utvikling.
Grunnskuleundervisning for 5. - 10. årstrinn. Det kan vere aktuelt med kontaktlæraransvar.
Kvalifikasjonar
- Grunnskulelærarutdanning for 8. - 10. årstrinn eller anna relevant pedagogisk og fagleg utdanning som oppfyller krav for tilsetjing og undervisning på ungdomstrinnet, gjerne masternivå eller faglærar med PPU.
- Skulen har behov for fagkompetanse i skulefaga norsk, norsk 2, engelsk, tysk, spansk, kroppsøving, musikk, kunst og handverk.
- Skulen har også stort behov for spesialpedagogisk kompetanse.
- God digital kompetanse.
Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
- Relasjonskompetanse
- Samarbeidsorientert
- Positiv
- Engasjert
- Interesse av å arbeide med ungdom
- Ynskje om å delta i utviklinga av eit godt lærings- og utviklingsmiljø
Vi tilbyr
Løn og arbeidsvilkår i samsvar med avtaleverk.
Tilsetting i tråd med gjeldande lover, avtalar og reglement.
Obligatorisk tenestepensjonsordning med gunstige lånevilkår.
Gode forsikringsordningar.
Kontaktinformasjon
Randi Løseth Aasen, Rektor, 95184367, randi.loseth@sykkylven.kommune.no
Arbeidsstad
sykkylven ungdomsskule
6230 Sykkylven
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgjevar:Sykkylven kommune
Referansenr.:4197259846
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.08.2020
Sluttdato: 31.07.2020
Søknadsfrist: 10.03.2020
Om bedriften
Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 800 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Bygda og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i bygda si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er bygda sin visjon.