Familieterapeut med vidareutdanning PHBU Døgnseksjon - Molde sjukehus
Org. nr: - Stillingsident: 4080451535 Presentasjon av stillingen:
Psykisk helsevern for barn og unge er samansett av poliklinikkar i Volda, Kristiansund, Molde og Ålesund, og ein døgnseksjon (akutteining i Ålesund og familieeining i Molde som begge har fylkesdekkande funksjon)
Vi har ledig fast 100% stilling for familietrapeut frå 05.08.2019, eller etter nærare avtale
Familieeininga ligg på Knausensenteret i Molde og har planlagde familieinnleggingar. I familieenininga arbeider eit tverrfaglig team som som er sett saman av familieterapeutar, pedagog, overlege og psykologspesialist. Vi mottek tilvisingar frå dei fire poliklinikkane og arbeider tett saman med desse. Familieeininga samarbeider med Knausen skule som gjev opplæring for elevar som er innlagt ved eininga.
Arbeidsoppgåver
- Arbeid med familier/familieterapi
- Delta i utredningsarbeid i tverrfagleg team
- Samarbeid med andre involverte instansar
Kvalifikasjonar
- 2-årig vidareutdanning i familieterapi
- Erfaring frå arbeid med familier/familieterapi
Personlege eigenskapar
- Ha gode evner til samarbeid
- Personleg egnaheit vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Eit utfordrande og engasjert fagmiljø
- Løn etter gjeldande overeinskomst
Kontaktinformasjon
Kari Eidhammer, Assisterande seksjonsleiar, + 47 71217621
Arbeidsstad
Molde sykehus
6412 Molde
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Møre og Romsdal HF
Referansenummer:4080451535
Stillingsprosent: 100%
Søknadsfrist: 31.05.2019
Om bedriften
Helse Møre og Romsdal HF gir spesialisthelsetenester til innbyggjarane i fylket, og skal gjennom pasientverdiprosessen skape <>. Vår visjon er å vere `¿På lag med deg for helsa di`¿. Føretaket er ein kunnskapsorganisasjon med om lag 6500 tilsette, fordelt på sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, samt ni behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. <> er valt til hovudstrategi for helseføretaket. Vi arbeider for å utvikle leiarskap og ein samlande kultur til beste for fagleg tilbod, kvalitet og ressursutnytting. Føretaksadministrasjon ligg i Ålesund.