Kontormedarbeidar/konsulent
Ølen vidaregåande skule er ein kombinert skule som pr. i dag har 315 elevar og om lag 75 tilsette. Skulen tilbyr studiespesialisering, påbygg, idrettsfag, elektro, teknikk- og industriell produksjon, byggfag, helse- og oppvekst. I tillegg har me spesialundervisning i lita gruppe.
Skulen er ein av fire i Rogaland som gir fengselsundervisning.
Ølen vgs er MOT-skule, og er kjenneteikna av godt læringsmiljø, gode faglege resultat og høg trivsel.
For meir info: www.olen.vgs.no
Me ynskjer oss medarbeidarar som er positive, engasjerte, fleksible, involverande og tydelege. I tillegg er samarbeidsevne og -vilje nødvendig.
Frå 1. august 2020 er det ledig fast stilling som kontormedarbeidar/konsulent i 80 % stilling.
Aktuelle oppgåver:
- Visma InSchool, det nye skuleadministrative programmet, med registrering, ajourhald og rapportering av elev- og personaldata.
- Eksamensavvikling
- Utskriving av vitnemål/kompetansebevis
- Arkivarbeid i Elements
- Lønn og fråværsregistrering
- Agresso -fakturering, rekneskap og økonomioppfølging
- Resepsjonsoppgåver, med kontoradministrative oppgåver
Krav til stillinga:
- Fagbrev innan kontor- og administrasjonsfaget
- Relevant erfaring innanfor rekneskap og arkiv
- Evne og vilje til å ta initiativ og arbeide sjølvstendig, samt gode samarbeidsevner
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
- God brukarkompetanse innan IKT
- Godkjent politiattest.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
For meir informasjon om stillinga, ta kontakt med kontorleiar Leikny H. Stople på
mob 99404096 eller på epost: leikny.stople@skole.rogfk.no
For stillinga gjeld:
- Utfordrande, varierte og spennande arbeidsoppgåver
- Trivelege kollegaer i eit tverrfagleg arbeidsmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Lønn og arbeidsvilkår fastsett i gjeldande avtaleverk
- Det må sendast elektronisk søknad
Søknadsfrist : 29.03.2020
Om bedriften
Rogaland fylkeskommune er en av fylkets største arbeidsgivere med rundt 4000 ansatte. Vil du være med å utvikle Rogaland sammen med flinke og engasjerte kollegaer?
Sammen utvikler vi ett godt Rogaland!